ⓘ Carrauntoohil

                                     

ⓘ Carrauntoohil

Carrauntoohil, òg stava Carrantuohill, er eit fjell i County Kerry i Republikken Irland og det høgaste fjellet på Irland. Det er 1 038 meter over havet og den sentrale toppen i fjellkjeda Macgillycuddys Reeks. Det er to andre toppar i denne kjeda over 1 000 meter. På toppen av fjellet står ein 5 meter høgt metallkross.

Namnet Carrauntoohil kjem frå det irske Corrán Tuathail, som tyder "Sigden til Tuathal".

Fjellet vert stort sett klatra frå nordaust, langs Hagsskaret til passet mellom Carrauntoohil og Cnoc na Péiste, og så nordvest opp den bratte Devils Ladder. Ruta har vorte farlegare dei siste åra på grunn av lause steinar og mykje folk. Ein treng ikkje klatreustyr for nå toppen, men vêret kan vere veldig skiftande og på grunn av fleire for dårleg kledde turistar har det vore fleire dødsfall.

                                     
  • Irland etter Carrauntoohil Beenkeragh og Caher. Det ligg i fjellkjeda Macgillycuddy s Reeks på ein rygg som går austover frå Carrauntoohil mot Purple Mountain
  • strekkjer seg litt over 19 km og inneheld dei høgaste fjella på Irland Carrauntoohil med 1 038 m, Beenkeragh med 1 010 m og Caher med 1 001 m og over 100
  • på halvøya og inneheld dei høgaste fjella på Irland. Det høgaste er Carrauntoohil på 1 038 meter over havet. Av byar rundt halvøya finn ein Killorglin