ⓘ Rathlin

Ballycastle

Ballycastle (irsk Baile an Chaistil, byen åt slottet er ein liten by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Han er administrasjonssenter for Moyle distrikt. Ved hamna i byrn står eit minnesmerke for Guglielmo Marconi, som i 1898 gjorde det andre forsøket sitt på å sende trådlause signal over vatn, fra Ballycastle til øya Rathlin. Byen er kjend for sin Ould Lammas-festival, som blir halden kvart år i august. Nær byen renn elvene Margy, Carey og Glenghesk, som er gode elver for lakse- og aurefiske.

Sash

Sash er band dei britisk-lojale ordenane nyttar for å syna kva organisasjon (t.d. Orangeordenen, Apprentice Boys of Derry eller Royal Black Institution dei er med i og kva lokalorganisasjon dei soknar til - i Orangeordenen kalla losje - blant "the Blackmen" kalla "preceptory". Sashen syner og kor langt den aktuelle medlemen har klatra i gradssystemet. I Orangeordenen er viktige delar av sashen oransje, medan dei sentrale delane av sashen til Royal Black Institution er svart. Sashen spelar ei avgjerande rolle i unionistisk historiemedvit og ikonografi - dette er til dømes tydeleg uttrykt i ...

                                     

ⓘ Rathlin

Rathlin er ei øy utanfor kysten av County Antrim i Nord-Irland og er det nordlegaste punktet i Nord-Irland. Ho ligg 10 km frå fastlandet og er den einaste busette øya utanfor Nord-Irland og den nordlegaste busette øya på irskekysten. Øya er forma som ein L og er 7 km frå aust til vest og 4 km frå nord til sør. Øya ligg berre 25 km frå Mull of Kintyre, sørenden på Kintyrehalvøya i Skottland.

Øya har ferjesamband frå Church Bay til Ballycastle på fastlandet, som ligg 10 km unna.

                                     

1. Natur

Rathlin er ein av 43 spesielt verna område i Nord-Irland. Her finn ein store koloniar med sjøfugl, inkludert krykkje, lundefugl og alke. Klippene på øya er 70 meter høge.

                                     

2. Historie

I følgje Ulster-annalane var Rathlin den første irske øya som vart plyndra av vikingane då kyrkja og bygningar på øya vart brend i 795.

Rathlin var åstad for ein massakre i juli 1575 då jarlen av Essex sende ein styrke til øya leia av Francis Drake og John Norreys. Engelskmenna tok livet av hundrevis av kvinner og born i MacDonnell-klanen som heldt til her.

Det første kommersielle trådlause telegrafsambandet i verda vart oppretta mellom East Lighthouse på øya til Kenmara House i Ballycastle den 6. juli 1898.

Tidlegare hadde øya rundt tusen innbyggjarar, men i dag er det berre 75 fastbuande att. Det kjem derimot mange folk til øya om sommaren og dei fleste kjem for å sjå klippene og den store bestanden av sjøfugl.

                                     
  • aust for Ballycastle og er den delen av fastlandet som er nærmast øya Rathlin Klippene her er ein ynda stad for fjellklatrarar og er kanskje den høgaste
  • forsøket sitt på å sende trådlause signal over vatn, fra Ballycastle til øya Rathlin Byen er kjend for sin Ould Lammas - festival, som blir halden kvart år i
  • dokumenterte åtaket av vikingar på Irland, og seinare i 807. Same året vart Rathlin Island og Inisbofin åtaka, mogelegens av dei same vikingane. Yttermuren
  • lista her har vore busett ein gong mellom steinalderen og viktingtida. Rathlin Island Øyar i Ytre Hebridane Øyar i Skottland Denne artikkelen bygger på
  • Great Samphire Island Little Samphire Island Inishmurray i County Sligo Rathlin O Birne Island i County Donegal Roaninish i County Donegal Arranmore i