ⓘ Tearaght

                                     

ⓘ Tearaght

Tearaght eller An Tiaracht er ei øy med bratte sider vest for Dinglehalvøya i County Kerry i Republikken Irland. Ho er den vestlegaste av Blasketøyane og det vestlegaste punktet i Irland. Ho ligg i Atlanterhavet 12.5 km vest for Dinglehalvøya på 10.70ºW.

An Tiaracht er om lag ein kilometer frå aust til vest og 500 meter brei frå nord til sør. Øya er delt inn i to delar, ein større austleg del med ei høgd på 200 meter, og ein vestleg del med ei høgd på 116 meter over havet. Ei smal landtunge med ein naturleg tunnel gjennom går mellom dei to delane.

Som dei andre Blasketøyane har An Tiaracht mykje sjøfugl med internasjonalt viktig koloniar av havlire og havsvale. Stormsvale er òg funne her dei siste åra, men det er ikkje vist at dei hekkar her. Talet på alkefuglar, særleg lundefugl, har variert mykje gjennom åra.

Eit fyr vart bygd på øya i 1870 og automatisert i 1988. Lyshøgda på fyret ligg 84 meter over havoverflata.

                                     
  • Bró Inishvickillane Inis Mhic Uileáin Inishtooskert Inis Tuaisceart Tearaght An Tiaracht Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blasketøyane
  • Great Blasket Island Beginish Inishnabro Inishvickillane Inishtooskert Tearaght Island - det vestlegaste punktet i Irland Maghareeøyane Fenit Island Great
  • Inishnabro Lokalt namn: Inis na Bró Inishnabro med Tearaght i bakgrunnen Geografi Stad Atlanterhavet Øygruppe Blasketøyane Høgaste punkt Inishnabro  175