ⓘ Ólymbos

Dío-Ólymbos

Dío-Ólymbos er ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på nord- og austsida av fjellet Ólymbos og grensar i sør mot periferieininga Lárisa i Thessalía. I aust ligg Thermaikósbukta.

Aust-Ólymbos

Aust-Ólymbos er ein tidlegare kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Aust-Ólymbos inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Dío-Ólymbos.

Ólymbos i Lárisa

Ólymbos er ein tidlegare kommune i periferieininga Lárisa i Thessalía i Hellas. Ólymbos inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Elassóna. Den tidlegare kommunen hadde namn etter Ólymbos, det høgste fjellet i Hellas.

Leptokaryá

Leptokaryá er ein distriktsby i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Leptokaryá var hovudsete i den tidlegare kommunen Aust-Ólymbos, som no er ei kommunaleining i kommunen Dío-Ólymbos.

Platamónas

Platamónas er ein landsby i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Platamónas høyrer til kommunaleininga Aust-Ólymbos i kommunen Dío-Ólymbos.

Kárpathos

Kárpathos er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Tidlegare hadde øya to kommunar, men frå 2011 er Kárpathos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kárpathos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kárpathos er hovudstad i periferieininga. Folketalet er på vel 6 000, men vert meir enn dobla i sommarmånadane då mange turistar kjem her. Stundom kan det vere opp mot 20 000 folk på øya.

Kallithéa i Lárisa

Kallithéa er ein landsby i periferieininga Lárisa i Thessalía i Hellas. Kallithéa var hovudsete i den tidlegare kommunen Ólymbos, som no er ei kommunaleining i kommunen Elassóna. Den tidlegare kommunen hadde namn etter Ólymbos, det høgste fjellet i Hellas.

Elassóna

Elassóna er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Lárisa i periferien Thessalía i Hellas. Elassóna ligg nordvest for Lárisa og grensar i sørvest mot periferieininga Tríkala, i nordvest mot Kozáni i Vest-Makedonía og i nordaust mot Piería i Sentral-Makedonía.

Kondariótissa

Kondariótissa er ein landsby i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Kondariótissa var hovudsete i den tidlegare kommunen Dío, som no er ei kommunaleining i kommunen Dío-Ólymbos.

Karítsa

Karítsa er ein landsby i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Karítsa høyrer til kommunaleininga Dío i kommunen Dío-Ólymbos.

Litókhoro

Litókhoro er ein by og ein tidlegare kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Litókhoro inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Dío-Ólymbos, der han er hovudsete. Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Litókhoro 7 259 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 6 995 innbyggjarar.

                                     

ⓘ Ólymbos

Ólymbos, òg kalla Olympen, Olympos og Olympus, er det høgaste fjellet i Hellas med ei høgd på 2 919 moh.

Sidan foten av fjellet ligg ved havnivå er det eitt av fjella i Europa med høgast primærfaktor. Fjellet ligg 100 km frå Thessaloníki, den nest største byen i Hellas.

Ólymbos er kjend for sitt svært rike planteliv med fleire endemiske artar. Den høgaste toppen på Ólymbos er Mýtikas på 2 919 meter, som på gresk tyder "nase". Mýtikas er den høgaste toppen i Hellas, og det nest høgaste er Skolio på 2 912 meter. Ein kan gå til toppen frå byen Litókhoro, som tyder Byen til gudane fordi han ligg ved foten av fjellet.

                                     

1. I gresk mytologi

I gresk mytologi er Ólymbos heimen til dei tolv olympiske gudane, dei største gudane i det greske pantheon. Grekarane såg på det som eit krystallpalass der gudane, som Zevs, budde. Då Gaia fødde titanane nytta dei fjella i Hellas som sine troner sidan dei var så store og Kronos sat på sjøve Ólymbos.

Etymologien og tydinga av namnet Ólymbos er ukjend og det kan ha urindoeuropeisk opphav. Ólymbos er eit mykje brukt namn på fjell. Det finst Ólymbos på Évvia, Ólymbos på Kypros, Mount Olympus i Utah og Mount Olympus i Washington, begge i USA, og mange andre.

                                     
  • Dío - Ólymbos gresk Δίο - Όλυμπος er ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral - Makedonía i Hellas. Han ligg på nord - og austsida av fjellet
  • Aust - Ólymbos gresk Ανατολικός Όλυμπος, Anatolikós Ólymbos er ein tidlegare kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral - Makedonía i Hellas
  • Káto Ólymbos gresk Κάτω Όλυμπος, Nedre Ólymbos er ein tidlegare kommune i periferieininga Lárisa i Thessalía i Hellas. Káto Ólymbos inngår frå 2011 som
  • øyane i Hellas. Ólymbos inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Kárpathos. Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Ólymbos 556 innbyggjarar
  • Ólymbos gresk Όλυμπος er ein tidlegare kommune i periferieininga Lárisa i Thessalía i Hellas. Ólymbos inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen
  • For fjellet i Hellas sjå Ólymbos Ólymbos gresk Όλυμπος, tyrkisk Olimpos er det høgaste fjellet i fjellkjeda Tróodos på Kypros. Ei rekkje langdistanseradarar
  • Ólymbos gresk Όλυμπος er eit fjell på øya Évvia i Hellas om lag 35 km aust for byen Khalkída. Frå toppen av fjellet kan ein sjå den austlege delen av
  • Κίσσαβος er eit fjell i periferieininga Lárisa mellom Pílio og Ólymbos Mellom Óssa og Ólymbos ligg Témbidalen. I gresk mytologi skal gigantane ha prøvd å
  • var hovudsete i den tidlegare kommunen Aust - Ólymbos som no er ei kommunaleining i kommunen Dío - Ólymbos Folketeljing 2011, revidert Kallikratis - reforma
  • Sentral - Makedonía i Hellas. Platamónas høyrer til kommunaleininga Aust - Ólymbos i kommunen Dío - Ólymbos Folketeljing 2011, revidert Kallikratis - reforma Denne geografiartikkelen
  • nord finn ein Mesokhóri, Spóa og Ólymbos Det er to hamner på øya, ein i Kárpathos by og den andre i nord nær Ólymbos kalla Diafáni. Flyplassen på øya
  • den tidlegare kommunen Ólymbos som no er ei kommunaleining i kommunen Elassóna. Den tidlegare kommunen hadde namn etter Ólymbos det høgste fjellet i
                                     

Ólymbos Karpáthou

Ólymbos er ein landsby og tidlegare kommune på den nordlege delen av øya Kárpathos i periferieininga Kárpathos i periferien Dei sørlege egeiske øyane i Hellas. Ólymbos inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Kárpathos. Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Ólymbos 556 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 270 innbyggjarar.