ⓘ Kazbek

KAZBEK

KAZBEK er eit kommando- og kontrollsystem for atomvåpen i Russland som vart etablert i 1983 med Nikolai Devjanin som designar. Føremålet var å laga eit system for å sikra sentral leiing av atomvåpenarsenala i Sovjetunionen. Namnet er teken frå eit fjell i Georgia i Kaukasus. Systemet er fornya ei rekkje gonger og er framleis under utvikling med digitalisering. Sambandet i systemet bind saman stabar, sensorar og avfyringskontrollar for ICBM, og inkluderer òg tre atomkoffertar med utløysingskodar i hendene på Presidenten, Forsvarsministeren og Generalstabssjefen i Russland.

Tsjeget

Tsjeget er ein "atomkoffert" som til kvar tid skal vere i nærleiken av Presidenten, Forsvarsministeren og Generalstabssjefen i Russland. Kofferten inneheld avsikringskodar for ICBM med kjernefysisk ladning knytt til KAZBEK kommando- og kontrollsystem for Dei strategiske rakettstyrkane. Kofferten vert overlevert med seremoni for kvart presidentskifte i Russland, og den siste overleveringa var den 7. mai 2012 frå president Dmitri Medvedev til Vladimir Putin.

Al-Masmiyah

Al-Masmiyah er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nordaust for Daraa i al-Sanamayn-distriktet. Av stader i nærleiken finn ein Jabab og Muthabin i vest, Ghabaghib i nordaust, Jubb al-Safa i nord, Burraq i nordaust, Khalkhalah og al-Surah al-Saghirah i søraust, Dama i sør, I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Masmiyah eit folketal på 1 498 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Masmiyah nahiyah som består av 16 stader med eit samla folketal på 8 773 i 2004.

                                     

ⓘ Kazbek

Kazbek er ein vulkan og eit av dei største fjella i Kaukasus. Det ligg på grensa mellom Georgia og Russland, og ruver over byen Kazbegi nær grensa til Nord-Ossetia. Det er det tredje høgaste fjellet i Georgia og det sjuande høgaste i Kaukausfjella, med ei høgd på 5 047 meter over havet. Georgiarar kallar fjellet Mqinvari som tyder "isbre" eller "Isfjell".

Kazbek ligg i fjellkjeda Khokh, ei fjellkjede som går nord for Store Kaukasus med mange gjel frå elvene Ardon og Terek. Sjølve fjellet ligg i forkastinga Borjomi-Kazbegi som er den nordlege delen av Anatolia-forkastinga. Området har stor jordskorpeaktivitet med regelmessige små jordskjelv. Eit aktivt system med varmekjelder ligg òg omkring fjellet. Kazbek er ein sovande vulkan, bygd opp av trakytt og kledd med lava. Han har form som ei dobbel kjegle der foten ligg ei høgd på 1 770 meter. Kazbek er det høgaste av dei vulkanske kjeglene i vulkangruppa rundt Kazbegi, som òg omfattar Khabarjina 3 142 meter.

På grunn av dei bratte sidene på Kazbek, er ikkje isbreane her særleg store. Det totale arealet til alle isbreane på Kazbek er 135 km². I 2002 kollapsa Kolkabreen på grunn av vulkansk svovelaktivitet på nordsida av fjellet. Det var derimot ingen utbrot. Den mest kjende isbreen er Djevdorak, som kryp ned på nordaustsida og inn i eit gjel med same namn, og når ned til ei høgd på 2 295 meter. På austsida går den georgiske militærvegen gjennom Darialgjelet ei høgd på 2 378 meter.

Toppen vart først klatra i 1868 av D.W. Freshfield, A.W. Moore og C. Tucker i lag med ein sveitsisk guide.

                                     
  • KAZBEK er eit kommando - og kontrollsystem for atomvåpen i Russland som vart etablert i 1983 med Nikolai Devjanin som designar. Føremålet var å laga eit
  • til fjellet Elbrus Sentral - Kaukasus, frå Elbrus til fjellet Kazbek Aust - Kaukasus, frå Kazbek til Kaspihavet Grensa mellom Russland i nord og Georgia og
  • Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord - Ossetia og byen Vladikavkaz.
  • Kaukasus i Georgia. Det har ei høgd på 3 142 meter over havet. Det ligg nær Kazbek og er ein del av den same vulkangruppa. Denne geografiartikkelen er ei spire
  • slaggkjegler og lavadomar, og ligg nær grensa til Russland, sørvest for vulkanen Kazbek Globalt vulkanisme Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe
  • grensa til Russland. Fjellet ligg i fjellkjeda Khokh, 9 km vest for fjellet Kazbek Det har ei høgd på 4 780 meter over havet. Denne geografiartikkelen er
  • Fjellet ligg på grensa mellom Georgia og Tsjetsjenia aust for fjellet Kazbek Isbreane på fjellet er ikkje store totalt utgjer dei eit areal på 3 km²
  • Store Kaukasus, med djupe dalar frå elvene Ardon og Terek rundt. Vulkanen Kazbek ligg i Khokh - kjeda. Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe
  • Kofferten inneheld avsikringskodar for ICBM med kjernefysisk ladning knytt til KAZBEK kommando - og kontrollsystem for Dei strategiske rakettstyrkane. Kofferten