ⓘ Mont Blanc

Charles Hudson

Charles Hudson var ein kapellan og fjellklatrar frå Skillington i Lincolnshire i England. Han omkom under fyrstebestiginga av Matterhorn i Sveits. Hudson var ein av dei fremste klatrarane under den såkalla gullalderen for fjellklatring i Alpane 1854-65. Han var ein svært sterk vandrar, og vert rekna som ein pioner både for klatring utan førar, samt for vinterklatring i Vest-Alpane. Sjølv hadde i 1855 gjort den fyrste førarlause bestiginga av Mont Blanc, og fyrstebestiginga av Mont Blanc du Tacul saman med Edward Stevenson, Christopher og James G. Smith, E. S. Kennedy, Charles Ainslie og G. ...

Saleinabreen

Saleinabreen er ein 6.3 km lang isbre i Mont Blanc-massivet i kantonen Valais i Sveits. Han ligg nær Aiguille dArgentière.

Trientbreen

Trientbreen er ein 4.3 km lang isbre i Mont Blanc-massivet i kantonen Valais i Sveits. I 1973 hadde han eit areal på 6.4 km².

Alpane på månen

Alpane eller Montes Alpes er ei fjellkjede nord på månen. Ho er kalla opp etter Alpane i Europa. Fjellkda dannar nordaustsida av månehavet Mare Imbrium. Vest for fjellkjeda er landskapet flatt og nesten utan særpreg, meda austsida er meir kupert og har høgare albedo. Fjellkjeda byrjar ein kraterdiameter nordvest for Cassini, ved Promontorium Agassiz, og strekkjer seg kring 50 km mot nordvest og held fram diskontinuerleg austover til det mørke krateret Plato. I denne siste delen finst eit system av riller kalla Rimae Plato. Den nordvestlege tredjedelen av fjellkda er skild frå resten av fje ...

Orsières

Orsières er ein kommune i distriktet Entremont i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 3 077 innbyggjarar og eit areal på 165 km². Kommunesenteret ligg 887 meter over havet. Kommunen ligg ved foten av Mont Blanc-massivet ved vegen over Store St. Bernhard-passet. Han ligg ved grensa til både Italia i sør og Frankrike i vest og dekkjer dei to dalane Val Ferret og Vallée de Champex. Han består av landsbyen Orsières og tolv grender som Champex, Ferret, Issert, La Fouly og Praz-de-Fort.

Mount Joli

Mount Joli er ei lita klippe med tre toppar, den høgaste 38 m, på nordaustsida av Petrel Island i Archipel de Pointe Géologie. Ho vart kartlagd i 1951 av Den franske antarktisekspedisjonen og vart namngjeven av dei etter ein topp i Alpane i nærleiken av Mont Blanc.

Alexander Burgener

Alexander Burgener var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange fjell, og av nye klatreruter, i vest-Alpane i perioden 1870-87.

Homi Jehangir Bhabha

Homi Jehangir Bhabha var ein indisk fysikar. Han studerte i København og Cambridge og var professor i teoretisk fysikk og direktør for Tata Institute of Fundamental Research i Bombay no Mumbai frå 1945, formann i atomenergikommisjon i India frå 1947 og president for den første atomkonferansen i SN i Genève i 1955. Bhabha er særskild kjent for arbeid med kosmisk stråling og elementærpartiklar. Han omkom då eit fly frå Air India styrta nær Mont Blanc den 24. januar 1966. Det har vorte spekulert i om dette var eit attentat for få stoppa det indiske kjernevåpenprogrammet.

Annecy

Annecy er ein by aust i sentrale område av Frankrike ved breidda av Annecysjøen, 35 km sør for Genève. Annecy er préfecture i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.

Charles Bozon

Charles Bozon var ein fransk alpinist frå Chamonix som under VM i alpine greiner 1962 i heimstaden Chamonix vart verdsmeister i slalåm. Bozon VM-debuterte i Åre i 1954 og kom på del femteplass i utforrennet. Under Vinter-OL 1956 kom han på andreplassen i kombinasjonen, noko som gav han VM-sølv, ettersom kombinasjonen ikkje stod på OL-programmet. Sølvmedaljen var basert på ein femteplass i storslalåm, ein sjuandeplass i slalåm og ein åttandeplass i utfor, alle tre OL-øvingar. Under vinterleikane 1960 i Squaw Valley tok Bozon bronsen i slalåm og vart nummer ni i begge dei andre OL-øvingane. ...

Alexandre Calame

Alexandre Calame var ein sveitsisk kunstmålar. Han er særleg kjend for sine mange bilete frå alpelandskap, måla i ein romantisk stil.

                                     

ⓘ Mont Blanc

Mont Blanc, òg kalla "La Dame Blanche", er det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa.

Fjellet ligg i området Aostadalen i Italia og Haute-Savoie i Frankrike. Det har lenge vore krangla om på kva side av landegrensa sjølve fjelltoppen ligg, og begge land plar å plassere toppen på si side av grensa på forskjellige kart. Etter ein avtale mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia i Torino i 1861 vart grensa trekt gjennom det høgaste punktet på Mont Blanc, og dette er den siste offisielle definisjonen på kor grensa går, sjølv om franske kart ofte ikkje respekterer denne løysinga.

Dei to mest kjende byane nær Mont Blanc er Chamonix i Haute-Savoie åstad for dei første olympiske vinterleikane og Courmayeur i Aostadalen. Mont Blanc-tunnelen går mellom desse to byane, og er ei viktig transportåre i Alpane. Han vart påbyrja i 1957 og stod ferdig i 1965 med ei lengd på 11.6 km.

Mont Blanc-massivet er eit populært område for fjellklatring, tur- og skigåing.

                                     

1. Historie

Vallot-hytta

Den første vitskaplege utforskinga av toppen vart gjort av botanist og meteorolog Joseph Vallot på slutten av 1800-talet. Han ville halde seg nær toppen, så han bygd ei hytte her.

Flyulukker

To fly frå Air India styrta på fjellet i 1950 og 1966. Begge flya skulle lande på Genève flyplass då pilotane feilrekna høgda si. 48 og 117 menneske mista livet.

                                     

1.1. Historie Kven eig toppen?

Heilt sidan Den franske revolusjonen har dette spørsmålet vorte stilt. Før dette var heile fjellet ein del av Kongedømet Sardinia i fleire hundreår.

Den første avtalen som definerte ei grense i området går tilbake til 15. mai 1796. I denne avtalen vart den sardiske kongen tvungen av Napoleon til å gje frå seg områda Savoie og Nice til Frankrike, og i punkt 4 i avtalen står det: "Grensa mellom Det sardiske kongedømet og departementa i Frankrike skal opprettast på ei linje avgjort av ytterpunkta på Piedmont-sida og av fjelltoppane: Frå eit utgangspunkt ved grensene til Faucigny, Hertugdømet Aosta og Valais, til dei høgaste punkta av isbreane eller Monts-Maudits: Først toppane eller platåa i Alpane, til kanten av Col-Mayor". Avtalen er enno meir forvirrande, fordi han seier at grensa bør vere synleg frå byane Chamonix og Courmayeur. Toppen er ikkje synleg frå Courmayeur, fordi delar av fjella lenger nede skjuler han. Avtalane vart seinare bytta ut med ein annan avtale, og er uansett ikkje lenger gyldig.

Den nye avtalen vart signert i Torino 24. mars 1860 av Napoleon III og Viktor Emmanuel II av Italia, og omhandar annekteringa av Savoie. Ein grenseavtale signert 7. mars 1861 definerer den "nye grensa".

Ei utgåva av Sarde Atlas, frå 1823 plasserer grensa nøyaktig på toppen av fjellet som her står oppført med ei høgd på 4 804 meter. Avtalen 7. mars 1861 såg dette, men trekte grensa på iskappa på Mont Blanc, slik at det vart både fransk og italiensk. Vasskiljeanalysar av den moderne topografien viser at toppen i dag ligg på grensa, men føreslår òg at grensa burde følgje ei linje nordover frå toppen mot Mont Maudit, slik at søraustryggen til Mont Blanc de Courmayeur burde ligge i Italia.

Trass i at den fransk-italienske grensa vart trekt om att både i 1947 og 1963, unngjekk dei spørsmålet om Mont Blanc.

                                     

1.2. Historie Vallot-hytta

Den første vitskaplege utforskinga av toppen vart gjort av botanist og meteorolog Joseph Vallot på slutten av 1800-talet. Han ville halde seg nær toppen, så han bygd ei hytte her.

                                     

1.3. Historie Janssen-observatoriet

I 1891 bygde Pierre Janssen eit observatorium ved toppen av Mont Blanc. Gustave Eiffel tok på seg prosjektet, så lenge han kunne finne eit godt fundament å bygge på. Den sveitsiske landmålaren Imfeld grov seg 15 meter nedover utan å finne fast grunn, så Eiffel gav opp.

Trass i dette vart observatoriet bygd i 1893. Bygningen vart bygd på isen, noko som fungerte til ein viss grad fram til 1906, då bygningen starta å helle kraftig. Til slutt opna det seg ein bresprekk under bygningen, og observatoriet vart til slutt forlète før det fall saman.

                                     

1.4. Historie Flyulukker

To fly frå Air India styrta på fjellet i 1950 og 1966. Begge flya skulle lande på Genève flyplass då pilotane feilrekna høgda si. 48 og 117 menneske mista livet.

                                     

2. Høgd

Toppen av Mont Blanc er dekt av eit tjukt is- og snølag, som ligg året rundt. Denne tjukkleiken varierer, slik at ein ikkje har eksakt og permanent høgd på toppen. Nøyaktige målingar er derimot vorte utført. Lenge var 4 807 meter den offisielle høgda, men med hjelp av GPS-teknologi vart toppen målt til 4 810.40 meter i 2002.

Etter hetebølgja i 2003 i Europa, gjorde forskarar nye målingar av høgda. Dei målte høgda til 4 808.45 meter. At hetebølgja påverka isen i denne høgda er derimot tvilsamt, men høgda på fjelltoppen er vorte målt på nytt anna kvart år etter den tid. I 2005 vart høgda målt til 4 808.75 meter.

Høgda til fjellet utan isdekket er 4 702 meter, og ligg 40 meter frå den snødekte toppen.



                                     

3. Vern av Mont Blanc

Mont Blanc-massivet er sett fram som ein potensiell verdsarvstad, sidan det er ein unik og kulturelt viktig stad, som vert rekna som fødestaden for moderne fjellklatring. Ikkje alle er einige, og dei tre regjeringane i Italia, Frankrike og Sveits må i lag sende inn forslag til UNESCO for at den skal settast opp på lista.

Mont Blanc er ein av dei mest vitja turiststadane i verda, og er på grunn av dette truga.

                                     

4. Bakgrunnsstoff

  • Mont Blanc på Peakware
  • Mont Blanc på dieAlpen.at - Nettbasert leksikon om Alpane
  • Mont Blanc på TierraWiki.org
  • Kart over Chamonix-Mont-Blanc
  • Bilete av Mont Blanc - Terra Galleria
  • Bilete av Mont Blanc-massivet og omgivnadane
  • Funivie Monte Bianco
  • Vitjing av Mont Blanc
  • Fjellklatringsside om Mont Blanc
  • Mont Blanc frå Pointe de Drône
  • Mont Blanc-massivet, bilete
  • Mont Blanc frå verdsrommet
  • Mont Blanc på Summitpost
                                     
  • Mont Blanc - massivet italiensk Massiccio del Monte Bianco fransk Massif du Mont - Blanc er ei fjellkjede i dei vestlege delane av Alpane. Ho er kalla opp
  • Mont Blanc de Courmayeur italiensk Monte Bianco di Courmayeur er eit fjell i Mont Blanc - massivet i Italia og Frankrike og det nest høgaste fjellet i
  • Mont Blanc du Tacul er eit fjell i Mont Blanc - massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 4 248 m. Det ligg midt mellom Aiguille du Midi og Mont Blanc
  • Koordinatar: 45 59 35.1 N 7 25 1.7 E Mont Blanc de Cheilon er eit 3 870 meter høgt fjell vest i Wallis - Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjelltoppen
  • Chamonix, eller Chamonix - Mont - Blanc er ein by med om lag 10 000 innbyggjarar søraust i Frankrike. Byen ligg ved foten av Mont Blanc i departementet Haute - Savoie
  • pd2pd4 Mont Brouillard Tåkefjellet er ei høgde på egga som strekker seg sørfrå opp til Mont Blanc Toppen er 4&nsbsp 069 moh og har ein primærfaktor
  • Mont Maudit Det forbanna fjellet er eit fjell i Mont Blanc - massivet i Frankrike og Italia på 4 465 m. Mot slutten av 1700 - talet vart Mont Blanc og
  • Koordinatar: 45 55 21 N 7 2 46 E Mont Dolent er eit fjell i Mont Blanc - massivet i Italia med ei høgd på 3 823 meter over havet. Det ligg på grensa mellom
  • i god sikt kan ein sjå både Middelhavet i sør og Mont Blanc i nord. Denne artikkelen bygger på Mont Pelat frå Wikipedia på tysk, den 27. oktober 2013
  • grupper: Mont Blanc - gruppa nord for Det litle St. Bernard - passet Den sentrale gruppa vasskiljet mellom Det litle St. Bernard - passet og Col du Mont Cenis
  • Aiguille du Midi er eit fjell i Mont Blanc - massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 3 842 meter over havet. Det går ei kabelvogn til toppen av fjellet
  • landskapsformer. Døme er Mont Blanc de Courmayeur som har ein låg primærfaktor, men som ligg 600 meter i luftlinje frå Mont Blanc og som er av både morfologisk
                                     

Saussuritt

Saussuritt er eit mineral, ein opphavleg kalsiumrik plagioklasfeltspat som ved relativt låg temperatur er omdanna til eit aggregat av albitt og zoisitt eller epidot. Det vart kalla opp etter den sveitsiske oppdagaren Horace Benedict de Saussure, som fann det i fjellsida av Mont Blanc.