ⓘ Sněžka

                                     

ⓘ Sněžka

Sněžka eller Śnieżka på polsk er det høgaste fjell i fjellkjeda Karkonosze, ein del av Sudetane. Med ei høgd på 1 603 meter er det òg det høgaste punktet i Tsjekkia, og ligg på grensa til Polen. På tysk vert fjellet kalla Schneekoppe.

                                     

1. Historie

Fjellet var opphavleg kalla Pahrbek Sněžný i Tsjekkia, og vart gjeve namnet etter kvart Sněžovka, før det til slutt vart Sněžka, som tyder "snødekka", frå 1823.

Første person til topps, som er registrert i historiske nedteikningar, var ein ukjend venetiansk kjøpmann i 1456, som leita etter edelsteinar her. Dei første busetnadane ved fjellet var stort sett gruvesamfunn, som leita etter kopar, jern og arsenikk. Gruvesjaktene, med ei total lengd på 1.5 km, finst den dag i dag.

Den første bygningen på toppen av fjellet var St. Laurentius kapell Laurentiuskapelle, bygd rundt 1665-1681 av familien Schaffgotsch, som fungerte som eit gjestgiveri i ein kort periode. Ei hytte vart bygd på den schlesiske sida i 1850, og i 1868 ei anna hytte på den böhmiske sida. Den schlesiske hytta har vorte gjenoppreist fleire gongar grunna brann.

Ein vêrstasjon av tre vart oppretta på fjelltoppen rundt 1900, og var den einaste stasjonen av sitt slag i Sentral-Europa. Han stod framleis etter den andre verdskrigen, men vart rive ned på 1980-talet.

                                     

2. Fjelltoppen i dag

Fjelltoppen er i dag delt mellom tsjekkia og polen av eit skilt som seier "landegrense" på begge språk, utan noko anna form for grensekontroll.

På den polske sida vart det i 1976 bygd eit sirkelforma hotell, og på den tsjekkiske sida eit postkontor og ein stolheis, som knytte toppen saman med landsbyen Pec pod Sněžkou ved foten av fjellet.

Sommaren 2004 byrja ein arbeidet på eit nytt postkontor og ein observasjonsplattform.

                                     
  • grensa mellom Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Śnieżka tsjekkisk: Sněžka tysk: Schneekoppe med ei høgd på 1 602 meter. Fjellet ligg på den polsk - tsjekkiske
  • Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og
  • Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og
  • austlege område av Tyskland til Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Sněžka Śnieżka i Karkonoszefjella på den tsjekkiske - polske grensa, med ei høgd