ⓘ Dinara

                                     

ⓘ Dinara

Dinara er eit av dei meir framståande fjella på grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Fjellet er mest kjend for å ha gjeve namn til Dei dinariske Alpane, ei fjellkjede av karst.

Dinara strekkjer seg frå fjellovergangen Derala 965 m i nordvest til Privijapasset 1 230 m, som ligg 20 km mot søraust, der Kamešnica-fjellet byrjar. Dinara er opp til 10 km breitt, og dei høgaste toppane er Troglav 1 913 m og Dinara 1 831 m. Toppen kalla Dinara er forma som eit menneskehovud av stein, og er den høgaste fjelltoppen i Kroatia.

Sjølv om Dinara ikkje ligg langt frå Adriahavet minnar klimaet lite om Middelhavet. Dinara markerer grensa til eit område med eit mykje kaldare, med alpint klima. Sjølve fjellet er ikkje busett, men det står små skur her og der som hovudsakleg vert brukt av gjetarar frå dei nærliggande dalane, som t.d. Cetina renn gjennom.

Dei mest fascinerande fjellformasjonane ligg på sørvestsida. Her ligg det eit seks kilometer langt massiv, som er opp til 1 700 meter høgt, og er lett synleg i landskapet for reisande på vegane i dalen nedanfor. Fjellklatrarar føretrekk derimot toppen Ošljak 1 706 m.

Dinara har ein endemisk gnagarart, ei markmus kalla "Dinarski miš" "Dinarisk mus", Dolomys bogdanovi longipedis frå slekta Dinaromys, som er ei utryddingstrua dyreart.

Det latinske namnet på fjellet er Adrian oros, medan det noverande namnet kjem frå ei eldgamal illyrisk stamme som budde på austsida av fjellet.

                                     
  • har sitt utspring nær grensa til Bosnia - Hercegovina ved foten av fjellet Dinara Ho renn forbi Knin i indre Dalmatia mot sør, og renn ut i Prokljanskosjøen
  • Grahovosletta mellom fjella Dinara og Šator. Sletta ligg sørvest i Bosnia - Hercegovina og mellom dei karstiske fjella Dinara og Kamešnica i sør, Tušnica
  • tidlegare kroatiske dinaren Denne vart innførd berre tre år tidlegare, og hadde i sin tur erstatta den tidlegare jugoslaviske dinaren Ved det siste bytet
  • på grensa til Kroatia Dalmatia Fjellet er ei forlenging av fjellet Dinara som strekkjer seg frå fjellovergangen Vaganj 1 173 m i nordaust til Buško
  • polje som elva Cetina renn over. Sinj ligg mellom fire fjell: Svilaja, Dinara Kamešnica og Visoka. Fjella gjev Sinj eit særeige submiddelhavklima med
  • Dinar arabisk دينار er mynteininga i Libya. Libysk dinar har ISO 4217 - koden LYD. Ein dinar tilsvarer 1000 dirham درهم Den libyske dinaren vart innført
  • ved busetjinga Savudrija. Lågaste punkt: Adriahavet 0 m Høgaste punkt: Dinara 1 830 m Det er til saman 1 246 øyer, holmar og skjer. 47 av øyane er busette
  • mynteining nytta i Persia. Fram til 1881 var han delt inn i 20 sjahi eller 1000 dinarar Frå 1881 til 1933 var han delt inn i 100 centimes. I 1933 vart han erstatta
  • Koordinatar: 43 57 N 16 36 E Troglav er den høgaste toppen i fjellkjeda Dinara og symboliserer Dei dinariske Alpane, den lengste fjellkjeda på Balkan
  • Moli mala 1992 Vrijeme škorpiona 1995 Geni kameni 1996 Vjetar s Dinare 1998 E, moj narode 2002 Sve najbolje 2003 Bilo jednom u Hrvatskoj
                                     

Mynteininga kran

Kran er ei gammal mynteining nytta i Persia. Fram til 1881 var han delt inn i 20 sjahi eller 1000 dinarar. Frå 1881 til 1933 var han delt inn i 100 centimes. I 1933 vart han erstatta med rial.

                                     

Marko Perković

Druga strana 2008 Ora et labora 2013 Vrijeme škorpiona 1995 Moli mala 1992 E, moj narode 2002 Sve najbolje 2003 Bilo jednom u Hrvatskoj 2006 Bilo jednom u Hrvatskoj - Split, Stari plac 2007 Vjetar s Dinare 1998 Geni kameni 1996