ⓘ Zugspitze

Garmisch-Partenkirchen

Garmisch-Partenkirchen er ein by i den tyske delstaten Bayern, og ligg i dei tyske alpane, like ved grensa til Austerrike og ved foten av det høgste fjellet i Tyskland, Zugspitze. Byen har 29875 innbyggjarar. Dei olympiske vinterleikane vart haldne her i 1936. 1. januar vert det kvart år arrangert nyårshopprenn her; eit høgdepunkt i den tradisjonsrike hoppveka.

Ehrwald

Ehrwald er ein kommune i distriktet Reutte i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 49.4 km² med nær 2 600 ibuarar i 2016. Omframt landsbyen Ehrwald, 984 meter over havet, ligg også landsbyen Obermoos og fire grender i kommunen. Både i nord og aust grensar kommunen mot delstaten Bayern og Tyskland. Frå Obermoos går mot aust ei 3.6 km lang svevebane til toppen av Zugspitze, grensefjellet mellom Ehrwald og Bayern som er Tysklands høgste fjell.

Distriktet Reutte

Distriktet Reutte, også kalla Außerfern, er eit forvaltningsdistrikt lengst nordvest i forbundslandet Tirol i Austerrike. Distriktet, som har namn etter administrasjonsbyen, har ei flatevidd på 1237 km² og i kring 32 000 ibuarar. Distriktet Reutte grensar i nord til Tyskland, i vest til forbundslandet Vorarlberg og i sør til distrikta Landeck og Imst.

                                     

ⓘ Zugspitze

Zugspitze er det høgaste fjellet i Tyskland, og ligg på grensa til Austerrike i distriktet Garmisch-Partenkirchen i Bayern. Det går ein tannhjulsbane, frå turiststaden Garmisch-Partenkirchen til toppen. Det går òg to kabelvogner frå basen til toppen, ein på den tyske sida av fjellet ved Eibsee, og den andre frå Austerrike. Toppen er som regel overfyllt av turistar.

Ein kan òg gå til topps, anten til beins eller på ski. Frå foten av fjellet til toppen tek dette ein til to dagar, og det er mat og losji på enkelte av stiane opp. Om vinteren er Zugspitze ein populær skistad med fleire skibakkar på begge sider. The Zugspitzplatt er det høgastliggande skisenteret i Tyskland, og har derfor snø året rundt.

Grensa mellom Tyskland og Austerrike går rett gjennom fjellet. Det er eit kontrollpunkt på toppen av fjellet, men sidan Tyskland og Austerrike begge er med i Schengen er ikkje grenseovergongen lenger bemanna.

Zugspitze høyrer til Wettersteinkjeden i Dei nordlege kalksteinsalpane. Namnet kjem av dei mange snørasa Lawinenzüge som går i dei bratte fjellsidene.

På toppen av fjellet står ei hytte kalla Münchner Haus, og i over 100 år har det vore ein vêrstasjon her, som framleis er i drift.

I 1770 nådde nokre lokale folk toppen av fjellet, men dei første namngjevne personane var eit lag av landmålarar 27. august 1820. Laget var leia av Løytnant Josef Naus, som hadde med seg to folk kalla Maier og G. Deutschl.

Første gong nokon kom seg til toppen om vinteren var 7. januar 1882, og desse var F. Kilger, H. og J. Zametzer og H. Schwaiger.

Ein kan kome seg til toppen via fleire ruter, og høgdeskilnaden mellom Garmisch-Partenkirchen og toppen er heile 2 200 m, ei utfordring for sjølv erfarne fjellklatrarar.

                                     
  • grensa til Austerrike og ved foten av det høgste fjellet i Tyskland, Zugspitze Byen har 29875 innbyggjarar 2004 Dei olympiske vinterleikane vart
  • Tyskland. Frå Obermoos går mot aust ei 3, 6 km lang svevebane til toppen av Zugspitze grensefjellet mellom Ehrwald og Bayern som er Tysklands høgste fjell
  • med 2 744 meter over havet det nest høgaste fjellet i Tyskland etter Zugspitze 2 962 moh Fjellet ligg i fjellkjeda Wettersteingebirge i Alpane og
  • Engadin finst det merka klatrestiar. Frå Muttler ser ein både fjella kring Zugspitze over til Ötztalfjella Wildspitze, Weißseespitze, Weißkugel Ortlerfjella
  • Watzmann er det tredje høgaste fjellet i Tyskland Zugspitze er det høgaste med 2 962 m og Hochwanner det nest høgaste med 2 746 m Dei tre tindane er
  • i nordvest og Austersjøen i nordaust. Det høgaste punktet i landet er Zugspitze på 2 962 meter over havet. I mellom ligg den lågtliggande Den nordtyske
  • fjellkjedene Wetterstein, Karwendel og det høgaste fjellet i Tyskland, Zugspitze er Estergebirge ein relativt roleg stad med unntak av Wank. Kompass 2005