ⓘ Großglockner

Distriktet Lienz

Distriktet Lienz er eit forvaltningsdistrikt i Aust-Tirol i forbundslandet Tirol i Austerrike. Distriktet, som har namn etter administrasjonsbyen Lienz, har ei flatevidd på 2 020 km² og i kring 49 000 ibuarar. Distriktet Lienz samsvarar med det historiske landskapet Aust-Tirol og ligg åtskild frå resten av forbundslandet Tirol. Distriktet grensar til landet Italia i både vest og i sør, samt til dei austerrikske forbundslanda Salzburg i nord og Kärnten i aust.

                                     

ⓘ Großglockner

Großglockner er eit 3 798 meter høgt fjell, det høgaste i Austerrike og det høgaste fjellet i Alpane aust for Brennerpasset. Fjellet har den nest høgaste primærfaktoren i Alpane etter Mont Blanc.

Großglockner ligg på grensa mellom delstatane Kärnten og Tirol, og er den høgaste toppen i Glocknergruppa, ei gruppe fjell som dannar hovudryggen i fjellkjeda Hohe Tauern. Toppen sjølv ligg på Glocknerryggen, som strekkjer seg sørover frå hovudryggen. Pasterze, den største isbreen i Austerrike, ligg ved foten av Großglockner.

Den karakteristiske pyramide-forma består faktisk av to tindar, Großglockner og Kleinglockner 3 700 m klein = liten på tysk, og mellom dei ligg eit salforma områda kalla Glocknerscharte.

Første gong ein prøvde nå toppen av Großglockner var i 1799, men det gjekk gale. Sommaren 1800 prøvde ein ny ekspedisjon, organisert av Franz-Xaver Salm-Raifferscheid, fyrstbiskopen av Gurk: 62 personar, deriblant 47 guidar, tok del. Den gamle hytta Salmhütte, ved 2 750 m vart bygd for spesielt som ly for ekspedisjonen. 28. juli 1800 tok brørna Martin og Sepp Klotz, i lag med to snikkarar og ein prest frå Dölsach kalla Horasch, seg til topps ved gå vegen kalla Hohenwartscharte.

Det finst òg ei direkte klatrerute frå Pasterze-isbreen til Glocknerscharte gjennom Pallavicinidalen. Alfred Pallavicini var den første til å klatre denne ruta i 1876 med tre fjellførarar frå Heiligenblut.

Den naturskjønne hovudvegen Großglockner-Hochalpenstraße mellom Heiligenblut og Fusch vart bygd ferdig mellom 1930 og 1935, og nådde ei høgd på 2 572 m.

                                     
  • er Wildspitze, som òg er det nest høgaste fjellet i Austerrike etter Großglockner I september 1991 vart leivningane etter ein mann, som fekk kallenamnet
  • Glockner - massivet, og samstundes det høgste fjellet i Austerrike, er Großglockner 3 798 meter over havet. Større delar av Glockner - massivet høyrer til
  • Sonnblick 3 106 moh. Vest i fjellområdet går den alpine passvegen Großglockner - Hochalpenstraße, medan den austerrikske hovudjarnbanestrekninga Tauernbahn
  • dei fyrste menneska på toppen. Roter Kopf byr på storfelt utsikt mot Großglockner i nord. Denne artikkelen bygger på Roter Knopf frå Wikipedia på tysk
  • med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Klockerin og Große
  • Tirol er prega av eit alpint landskap. Det høgste fjellet i Austerrike, Großglockner på 3798 moh. ligg i Tirol, nærare fastsett i fjellmassivet Hohe Tauern
  • med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner Det var elles same dagen dei fire også vart fyrstebestigarar av Klockerin
  • med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Hintere Bratschenkopf
  • det nest høgaste fjellet Ortler 3 905 m i Italia og Sør - Tyrol og så Großglockner 3 798 m i Austerrike. Under Weichsel - istida var Dei austlege Alpane
  • Granatspitz - massivet Große Muntanitz 3 232 moh Glockner - massivet Großglockner 3 798 moh Goldberg - massivet med Hoher Sonnblick 3 106 moh Ankogel - massivet
  • sentralalpane i den midtre delen av Hohe Tauern. Mellom Glocknerwand og naboen Großglockner ligg skaret Untere Glocknerscharte 3596 m Grensa mellom Kärnten og
  • over sørvestegga. Frå toppen har ein vid og flott utsikt, særleg mot Großglockner og Pasterze. Denne artikkelen bygger på Fuscherkarkopf frå Wikipedia