ⓘ Korab

Golem

Golem kan vere: Golem i Kavaje, kommunaleining i kommunen Kavaje i regionen Tirana i Albania Golem i Lushnje, kommunaleining i kommunen Lushnje i regionen Fier i Albania Golem Korab, lokalt namn på fjellet Korab Golem Vraca, lokalt namn på fjellet Store Vraca

                                     

ⓘ Korab

Korab er det høgaste fjellet i Nord-Makedonia og Albania, og fjelltoppen dannar grensa mellom desse to landa. Korab ligg ved sida av fjellet Šar.

Fjellet har fleire toppar som strekkjer seg over 2000 meter. Dei viktigaste er:

  • Kepi Bar 2 595 m
  • Kabash 2 395 m
  • Plocha 2 235 m
  • Golem Korab makedonsk Голем Кораб Golem Korab eller Кобилино Поле Kobilino Pole); høgd over havet 2 753 m gamle data eller 2 764 m nyare data.
  • Visoka Karpa 2 090 m.
  • Mala Korapska Vrata 2 425 m; eldre data
  • Ciganski Premin 2 295 m

Innimellom toppane kan ein finne store fjellblokker som strekkjer seg ned mot dalen der elva Radika renn på den nordmakedonske sida. Desse blokkene kan stundom ha bratte skråningar på over 500 m. Særleg utprega er dette i det alpine Kabash-området, der ein finn fleire svært bratte og utilgjengelege toppar. I dei høgaste områda, over 2 000 m, er klimaet alpint og har mellom anne spor av alpin flora.

Grensa mellom landa deler den høgaste toppen, Golem Korab.

Under den makedonske konflikten i 2001, heldt det ein front til i Korab, og det er framleis eit området med landminer rundt fjellet. Ein kan vitje fjellet frå den nordmakedonske sida etter kompliserte byråkratiske prosedyrar, i følgje med militæreskorte.

Den beste måten å klatre Golem Korab på er å knyte seg til ein internasjonal klatreekspedisjon som har ein årleg tur i byrjinga av september. Ekspedisjonen er organisert av klatreklubben PSD "Korab" - Skopje.

                                     
  • kommunaleining i kommunen Lushnje i regionen Fier i Albania Golem Korab lokalt namn på fjellet Korab Golem Vraca, lokalt namn på fjellet Store Vraca
  • 2 662 m Rudoka 2 610 m Ljuboten 2 498 m Piribeg Šar strekkjer seg til Korab 2 764 m i sørvest og vidare nordaustover til Albania. Av vegetasjon på
  • Adriahavet nordvest - sørvest frå Dei juliske Alpane i nordvest og ned til Šar - Korab - massivet, der fjella går i nord - sør retning. Det høgaste fjellet i Dei dinariske
  • Pelister, Mavrovo og Galičitsa. Dei viktigaste fjella i Nord - Makedonia er: Korab 2764 m Šar Planina 2747 m Baba 2601 m Jakupitsa 2540 m Nidže 2521
  • søraustover frå Alpane, via Dei dinariske Alpane til Hellas, og inkluderer Šar - Korab - massivet, Píndos, Parnassós, Khelmós Aroánia og resten av Peloponnes.
  • fjellterreng utgjer mykje av landområda i Albania, der det høgaste fjellet, Korab i distriktet Dibra, strekkjer seg opp til 2 753 m. Ved sidan av hovudstaden