ⓘ Kaffeklubben

                                     

ⓘ Kaffeklubben

Kaffeklubben er den nordlegaste øya i verda. Øya er kring ein kilometer lang, og finst på 83°40N 29°50W, 37 km aust for Kapp Morris Jesup utanfor Peary Land på Grønland.

Ho vart oppdaga av Robert Peary i 1900. Den danske Jubilæumsekspeditionen 1921–23 gjekk i land på øya.

Oppdagaren Lauge Koch oppkalla øya etter ein uformell kaffiklubb på Geologisk Museum ved Universitetet i København. Fleire av oppdagarane av øya var med i kaffiklubben.

Ein sandbanke er alt som er lenger nord. Denne heiter Oodaaq, og vart oppdaga i 1978. Ettersom denne ofte blir dekt hav og havis kan han vanskeleg reknast som ei øy.

                                     

1. Planteliv

Sjølv om øya ligg langt mot nord, veks fleire plantar der. I tillegg til ulike typar lav, mose og levermose finst også blomsterplantane raudsildre Saxifraga oppositifolia og islandsvalmue Papaver radicatum der.

                                     
  • 1 W, berre 600km sør for Nordpolen og 1360 meter nord for øya Kaffeklubben Kaffeklubben er rekna for å vera den nordlegaste øya i verda, sidan det er
  • sjølve øya Grønland finst fleire mindre øyar, mellom desse er Kaffeklubben Kaffeklubben er den øya i verda som ligg lengst mot nord. Hovudstaden på Grønland