ⓘ Mount Everest

Changtse

Changtse er eit 7 543 meter over havet høgt fjell i Tibet i Kina. Fjellet reiser seg mellom to armar av Rongbuk-breen, i luftlinje 4 kilometer nord-nordvest om Mount Everest. Changtse, som tyder nordtoppen på tibetansk, er knytt til Mount Everest over nordeggja. Nederlendaren Johan Taks vart fyrstemann til topps den 3. oktober 1982. Han var med på ein Mount Everest-ekspedisjon.

Mount Hall i Victoria Land

Mount Hall er eit fjell med ei høgd opp mot 1800 moh som ligg 1.6 nautiske mil sørvest for Mount Weyant i Asgard Range i Victoria Land. Mount Hall ligg like vestover frå Harris Peak og Ball Peak, som namnet er tilknytt til. Det vart namngjeve av New Zealand Geographic Board i 1998, etter Rob Hall, ein guide som arbeidde to sesongar for New Zealand Antarctic Research Programme som treningsinstruktør og i 1990-åra, guida klientar på klatreturar i Ellsworth Mountains.

Harris Peak i Victoria Land

Harris Peak er eit fjell med ei høgd opp mot 1750 moh som ligg 1.4 nautiske mil sør for Mount Weyant i Asgard Range i Victoria Land i Antarktis. Det ligg mellom Mount Hall og Ball Peak, som namnet er knytt til. Det vart namngjeve av New Zealand Geographic Board i 1998 etter A.M. "Andy" Harris, ein guide og feltleiar for New Zealand Antarctic Research Program, 1987–92, med to turar til Marie Byrd Land.

Pavonis Mons

Pavonis Mons er den midterste av tre vulkanar kjende som Tharsis Montes på Tharsis-patået nær ekvatoren til Mars. Mot nord ligg Ascraeus Mons og i sør Arsia Mons. Den høgaste vulkanen i solsystemet, Olympus Mons, ligg i nordvest. Pavonis reiser seg 14 kilometer over standard nullhøgdenivå på Mars og opplever eit atmosfærisk trykk på omtrent 130 Pa 1.3 mbar. Til samanlikning reiser det høgaste fjellet på jorda seg, Mount Everest, 8.85 kilometer over havnivå. På den låge austlege sida på vulkan er dei ei kjeda av elliptiske og ovalforma hòl som går nedover ei grunn kløft. Desse blei forma i ...

Manuela Di Centa

Manuela Di Centa er ein italiensk politikar og tidlegare langrennsløpar, fødd i Paluzza i Friuli-Venezia Giulia. Ho vart olympisk meister på 15 km og 30 km under vinter-OL 1994 på Lillehammer, og tok elles seks sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1991-98. Åra 2006-13 var ho representant for Forza Italia og Fridomsfolket i det italienske parlamentet. Giorgio Di Centa er ein yngre bror.

Stockport

Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey. Stockport er den største kommunen i Metropolitan Borough of Stockport, og hadde ved folketeljinga i 2001 eit innbyggjartal på 136 082. Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1 ...

Alpeglød

Alpeglød er eit fargespel på fjelltoppar ved soloppgang og solnedgang. Toppane får då ein meir rosa farge, som etter kvart sløkt ut nedanfrå. Seinare opptrer den eigentlege alpegløden som er eit gult eller purpurfarga lys som kjem av purpurlyset frå atmosfæren. Fenomenet kan òg oppstå på himmelen om lyset vert reflektert av aerosolar i atmosfæren.

                                     

ⓘ Mount Everest

Mount Everest er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på 8 848 moh. Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.

Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.

Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.

                                     

1. Høgd

Den offisielle høgda til Mount Everest er 8 848 m 029 ft, og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844.43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 848 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.

I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til 8 850 moh.

                                     

2.1. Historie Klatring

Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.

Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3.142 klatrarar nådd toppen i 5.104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000. I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer. Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.

I mai 2019 sette klatreleiaren Kami Rita frå Nepal rekorden for flest klatringar til toppen av Mount Everest då han klatra til toppen for 23. og 24. gong.

I mars 2020 satte nepalske og kinesiske styresmakter stopp for klatring den sesongen på grunn av risiko for sjukdommen covid-19.

                                     

2.2. Historie Spesielle oppstigningar

  • 1975: Den fyrste kvinnen til topps var Junko Tabei.
  • 1980: Den fyrste til å klatre til topps, utan oksygen-flasker, var Reinhold Messner.
                                     

2.3. Historie Fyrste mann og kvinne frå ulike land

  • 1975: Den fyrste kvinna til topps var Junko Tabei frå Japan.
  • 2004: Randi Skaug var den fyrste norske kvinna på toppen.
  • 1956: Den første sveitsaren var anten Ernst Schmied eller Juerg Marmet. Dei kom til toppen samstundes.
  • 1985: Bjørn Myrer Lund eller Odd Eliassen var fyrste nordmann på fjelltoppen
  • 1953: Toppen blei nådd for første gong av Edmund Hillary og Tenzing Norgay.
                                     
  • ekspedisjonar til Mount Everest og saman med Edmund Hillary den 29. mai 1953 det første mennesket som stod på toppen av Mount Everest Tenzing Norgay kom
  • ligg berre knapt tre kilometer frå Mount Everest og den vesle avstanden og smålåtne skardhøgda på 610 meter mot Everest gjer at klatrarar reknar Lhotse
  • luftlinje 4 kilometer nord - nordvest om Mount Everest Changtse, som tyder nordtoppen på tibetansk, er knytt til Mount Everest over nordeggja North Col Nederlendaren
  • Miura. Yuichiro Miura vart i ein alder av 70 år den eldste til å klatre Mount Everest i 2003. Han vart òg første 75 - åringen 26. mai 2008 og 80 - åring 23. mai
  • flytransport til Lukla som innfartsveg til utforsking av Khumbu, Mount Everest - regionen og Mount Everest nasjonalpark. Engerengen, Lars 5. april 2019 Tenzing - Hillary
  • for Mount Everest Pumori er eit sherpa - ord som tyder ugift dotter og blei gitt av George Mallory. Fjellklatrarar omtalar ofte Pumori som Mount Everests
  • New Zealand Geographic Board i 1998, etter Rob Hall som døydde på Mount Everest med A.M. Andy Harris ein guide som arbeidde to sesongar for New
  • Mahalangur Himal i Nepal. Fjellet ligg to kilometer vest - sørvest for Mount Everest og dannar vestegga på Lhotse - Nuptse - massivet. Briten Dennis Davis og
  • Tibet. Den er ein del av Himalaya, og fire av dei seks høgaste fjella i verda ligg her: Mount Everest Lhotse, Makalu og Cho Oyu. Høgaste fjell i verda
  • polane: Mount Everest 23. mai 2004, Sørpolen 27. desember 2005, Nordpolen 24. april 2006. Polane utan etterforsyningar. Seven Summits: Mount Everest 2004
                                     

Yuichiro Miura

Yuichiro Miura er ein japansk alpinist. Han var son til skiløparen Keizo Miura og far til freestyler og alpinist Gouta Miura. Yuichiro Miura vart i ein alder av 70 år den eldste til å klatre Mount Everest i 2003. Han vart òg første 75-åringen 26. mai 2008 og 80-åring 23. mai 2013. Yuichiro Miura vart den første til å køyre på ski ned Mount Everest då han køyrde utfor South Col-toppen 6. mai 1970. Denne bragda er dokumentert i filmen The Man Who Skied Down Everest frå 1975.