ⓘ Pingvin Island

Ainley Peak

Ainley Peak er eit markant fjell, 1240 moh, 4.5 km sørvest for Post Office Hill aust på Ross Island. Det er kalla opp etter David G. Ainley frå Point Reyes Bird Observatory ved Stinson Beach i California, ein ornitolog i United States Antarctic Program som studerte pingvin- og jo-populasjonar ved Cape Crozier og McMurdo Sound i løpet av seks sesongar, 1969–70 til 1983–84.

Langduskpingvin

Langduskpingvin, tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Indiahavet.

Winslow Rock

Winslow Rock er ein holme like utanfor austsida av Lavoisier Island i Biscoe Islands. Han vart kartlagt frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey. Det er eit lite fuglevêr for pingvinar på holmen, som er den einaste kjende plassen ein kan gå i land på austsida av Lavoisier Island. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Charles E.A. Winslow, ein amerikansk fysiolog som har spesialisert seg på korleis menneskekroppen reagerer på kulde.

Pantomime Point

Pantomime Point er det nordlegaste av tre isfrie nes på austenden av Gourlay Peninsula på Signy Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd i 1933 av mannskap på Discovery Investigations, og kartlagd på ny i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey. Namnet, gjeve av FIDS, kom frå oppførselen til pingvinane på Gourlay Peninsula.

Île des Manchots

Île des Manchots er ei klipperik øy som ligg ved innløpet til Port Martin, 0.2 nautiske mil vest for Bizeux Rock and 0.2 nautiske mil nord for Cape Margerie. Ho vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operation Highjump, 1946-47, kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen, 1949–51, og fekk dette namnet av dei fordi det låg ein stor klekkeplass for adeliepingvinar på øya. "Manchot" er eit fransk ord for pingvin.

Pageant Point

Pageant Point er det sentrale og høgaste av tre isfrie nes på austenden av Gourlay Peninsula på Signy Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd i 1933 av mannskap på Discovery Investigations, og kartlagd på ny i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey. Namnet, som vart gjeven av FIDS, kjem frå pingvinane som hekkar her og dansen dei utfører i samband med kurtiseringa

Pandemonium Point

Pandemonium Point er eit nes på sørenden av ein skarp, isfri rygg heilt sør på Signy Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey, og ho fekk dette namnet av dei på grunn av den endelause støyen frå pingvinane som hekkar på vestsida av ryggen like nord for neset.

Mount Sladen

Mount Sladen er eit kjenneleg pyramideforma fjell, 890 moh, som ligg 1.5 nautiske mil nordaust for Saunders Point aust på Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948-49. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter dr. William J.L. Sladen frå FIDS, militærlege og biolog ved Hope Bay i 1948, og ved Signy Island i 1950. I løpet av 1960-åra og 1970-åra var dr. Sladen sjefsforskar for US Antarctic Research Program sine studiar av pingvinar ved Cape Crozier på Ross Island.

Sladen Summit

Sladen Summit er eit markant fjell med ei høgd opp mot 3395 moh ved samløpet mellom Johns Hopkins Ridge og Rampart Ridge i Royal Society Range i Victoria Land. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1994 etter William J.L. Sladen, ein britisk-amerikanar som var militærlege i Falkland Islands Dependencies Survey ved Hope Bay og Signy Island. Han undersøkte pingvinar for US Antarctic Research Program ved Cape Crozier i mange år.

Babel Rock

Babel Rock er det nordlegaste av ei gruppe små holmar som ligg nord for Intercurrence Island i Antarktiske Arkipel. To av holmane som ligg utanfor nordenden av Intercurrence Island vart først kartlagt og namngjeven Penguin Islands av James Hoseason, førstestyrmann på selfangstskuta "Sprightly", i 1824. Sidan namnet ikkje vart nytta i seinare år, vart det avvist for å unngå forveksling med andre stader med same namn. Babel Rock er den største og mest markante av skjera, og her ligg eit fuglevêr for pingvinar og namnet kjem frå den endelause støyen frå holmane.

Irving Point

Irving Point er eit nes på austenden av Visokoi Island i Sør-Sandwichøyane. Det vart oppdaga og først grovt kartlagd i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Det fekk namnet "Penguin Point" av eit lag frå Discovery Investigations etter kartlegginga deira i 1930 fordi pingvinar hekkar her. Namnet vart endra fordi det alt var i bruk andre stader. Irving Point vart tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1953 og er kalla opp etter kapteinløytnant J. Irving som skisserte Sør-Sandwichøyane frå RRS "Discovery II" i 1930.

Hn/Geirfugl

Geirfugl er eit fugleslag som sokna til alkefamilien, men som hev dåe ut. Han var upptil sytti cm lang, med nebb lik ein alke, kvit undersida og svart yversida, hadde stutte venger og var ikkje før til å fljuga. Hovudet var svart med ein kvit flekk fyre kvart auga. Geirfuglen var i grunnen tolleg lik på pingvinen å sjå til, men hadde ingen skyldskap med denne. Geirfuglen var god til å symja, og livde av fisk langsmed kystane nord i Atlanterhavet. Fram til vikingtidi var geirfugl tidsynt i Noreg, men gjekk sidan snøgt attende for skuld veiding. I andre luter av Nord-Atlanteren var han vanle ...

                                     

ⓘ Pingvin Island

Pingvin Island er ei lita øy som ligg utanfor nordvestsida av West isbrem i Antarktis. Ho vart først kartlagd av the sovjetekspedisjonen 1956-1957, som namngav ho Pingvin. I følgje somme kjelder finst ikkje øya, sjølv om ho er nedteikna på fleire moderne kart.

                                     

1. Kjelder

Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen "Pingvin Island" innhald frå Geographic Names Information System.

                                     
  • 1699 - 1839, Pingvin Books, New York, 1998 Revista de la Asociación Geológica Argentina 62 1 pp 35 - 43 spansk The SCAR King George Island GIS Project
  • levde langs kysten pingvinane er igjen kalla opp etter kona til Dumont d Urville Dette vart igjen omgjort til Adelaide Island av British Graham Land
  • Penguin Island vart oppdaga i januar 1820 av ein britsk ekspedisjon under Edward Bransfield, og ho fekk dette namnet av han fordi det var pingvinar på breidda
  • Eadie Island mindre King George Island den største, kalla 25. mai - øya i Argentina, og Vaterloo i Russland Bridgeman Island mindre Pingvin Island mindre
  • Gulltoppingvin Eudyptes chrysolophus er ein pingvin som lever i Subantarktis og Antarktis. Han høyrer til i slekta Eudyptes også kalla toppingvinar
  • mars, då pingvinane parar seg, egga klekkar og kyllingane byrjar å vekse. I september 2010 la Google til Street View - bilete av Half Moon Island til Google
  • Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus er ein pingvin endemisk til Galápagosøyane. Det er den einaste pingvinen som òg lever naturleg nord for ekvator, dei
  • hjelp Meir informasjon om Paulet Island Bilete av Paulet Island med tusenvis av pingvinar Eit anna bilete Paulet Island Paulet Island med mange bilete
  • California, ein ornitolog i United States Antarctic Program som studerte pingvin - og jo - populasjonar ved Cape Crozier og McMurdo Sound i løpet av seks sesongar
  • nordaustkysten av Marion Island Forskingsstasjonen vart raskt utvida, og i dag forskar ein på biologi på øyane, særleg fuglar pingvinar petrellar, albatrossar
  • øy kalla Inexpressible Island der dei overvintra under særs harde vilkår. For å overleve jakta dei nokre få sel og pingvinar Den nordlege gruppa hadde
  • korleis turismen påverkar pingvinane Halve øya er opne for turistar, medan den andre halvdelen er reservert for pingvinane Denne artikkelen bygger på