ⓘ 60. sørlege breiddesirkelen

                                     

ⓘ 60. sørlege breiddesirkelen

60. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 60 gradar sør for ekvator. Det ligg ingen landområde langs sirkelen og han kryssar ikkje noko anna enn hav. Det næraste landområdet er Coronationøya i Sør-Orknøyane, som ligg kring 54 km sør for sirkelen, og Cookøya i Sør-Sandwichøyane, som ligg kring 57 km nord for sirkelen.

Sirkelen markerer den nordlege grensa til Sørishavet og Antarktistraktaten. Han markerer òg den sørlege grensa til Den kjernevåpenfrie sonen i Sør-Stillehavet og Den kjernevåpenfrie sona i Latin-Amerika.

Ved desse breiddene er sola synleg i 18 timar og 52 minutt ved sommarsolkverv og 5 timar, 52 minuttar ved vintersolkverv. Den 21. desember er sola 53.83 grader opp på himmelen og den 21. juni 6.17 grader.

Breiddegraden vert stundom kalla "Screaming 60s", dei skrikande 60-gradene, på grunn av den kraftige vestavinden som ofte finst her og som skapar bølgjer opp mot 15 meter. Vindstyrken kan gjerne nå over 40 m/s.

                                     
  • 40 40. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 40 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Australasia, Stillehavet
  • 50. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 50 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Stillehavet og Sør - Amerika
  • 46 46. sørlege breiddesirkelen er ein breiddesirkel som ligg 46 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Australasia, Stillehavet
  • 51. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 51 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Stillehavet og Sør - Amerika
  • 56 Den 56. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 56 grader sør for ekvator. Sirkelen kryssar ingen landområde og berre hav. Frå nullmeridianen
  • 42 42. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 42 gradar sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Australasia, Stillehavet
  • 37 37. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 37 grader sør for ekvator. Han kryssar Atlanterhavet, Indiahavet, Australasia, Stillehavet