ⓘ Diego Ramírez-øyane

Ildefonso-øyane

Ildefonso-øyane er ei lita chilensk øygruppe langt sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg 60 km vest for Hermite-øyane og Kapp Horn og 27 km sør for Hoste-øya. 93 km sør-søraust for øyane ligg Diego Ramírez-øyane, dei sørlegaste øyane i Sør-Amerika. Administrativt høyrer dei til provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Øyane består av ni staurar fordelt på to grupper. Samanlagt måler landområdet om lag 200 m2, men meir enn halvparten av dette består av den største av dei. Øyane er bratte og berglendte og dekte med tussokgras. Ildefonso-øyane er eit viktig he ...

                                     

ⓘ Diego Ramírez-øyane

Diego Ramírez-øyane er ei lita chilensk øygruppe som ligg om lag 100 km sør for Kapp Horn i Eldlandet og 93 km sør-søraust for Ildefonso-øyane. Diego Ramírez-øyane er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika.

Administrativt høyrer øyane inn under provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena, den sørlegaste regionen i Chile. Øyane ligg i to grupper med eit 3 km breitt sund i mellom. Dei største av øyane er Bartolomé-øya og Gonzalo-øya; dei ligg begge i den sørlegaste gruppa. Aguila-holmen utgjer det aller sørlegaste punktet i Sør-Amerika.

Ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya er bemanna. Bortsett frå det er øyane utan busetnad.

                                     

1. Historie

Øyane vart oppdaga den 12. februar 1619 under Garcia de Nodal-ekspedisjonen. Denne var blitt til på ordre av kong Filip III av Spania og hadde til oppgåve å kartleggja farvatnet mellom Atlanterhavet og Stillehavet sør for Kapp Horn. Øyane fekk namn etter kosmografen på ekspedisjonen, Diego Ramírez de Arellano. Ved oppdaginga galdt Diego Ramírez-øyane som den sørlegaste landområdet som nokonsinne var blitt registrert. Øyane heldt på denne posisjonen fram til Sør-Shetlandsøyane vart oppdaga i 1775.

Chile overtok eigarskapen over øyane etter at landet vart ein sjølvstendig stat i 1818. Den chilenske regjeringa leigde ut øyane til Pedro Pablo Benavides i 1892. Han fekk bu på øyane og leva av fiske i byte mot at han bygde eit fyrtårn, ei hamn og ein skulebygning der. Leigekontrakten gjekk seinare over til andre.

I 1957 oppretta den chilenske marinen ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya som framleis er i aktivt i bruk.

                                     
  • og 27 km sør for Hoste - øya. 93 km sør - søraust for øyane ligg Diego Ramírez - øyane dei sørlegaste øyane i Sør - Amerika. Administrativt høyrer dei til provinsen
  • tenkjer ofte på Hornos - øya som den sørlegaste øya i Sør - Amerika, men Diego Ramírez - øyane ligg lengre sør. På øya har Chile ein marinestasjon som består av
  • røffe vêrtilhøve og ope farvatn i fleire hundre kilometer. Dei vesle Diego Ramírez - øyane ligg kring 50 km sør for Kapp Horn. Det finst ikkje noko landområde
  • dei subantarktiske øyane Mellom 51 og 56 sør for ekvator, ligg Falklandsøyane, Estados - øya, Ildefonso - øyane Diego Ramírez - øyane og andre øyar knytte
  • Sør - Atlanteren, òg koloniar på Prince Edwardøyane og Kerguelen i Indiahavet, Diego Ramírez - øyane sør for Chile samt Campbelløya sør for New - Zealand. Dessutan med