ⓘ Ushuaia

Kaneljo

Kaneljo er ein fugl i jofamilien. Kaneljoane er ein stor og kraftig bygd sjøfugl, marginalt mindre enn sørjo og har ei kroppslengd på 53-59 centimeter. Fjørdrakta har brun overside og kanelbrun underside. Dei kan ha gulbrune flekkar i nakken ryggen. Kvitt i primærfjørene gjev iaugefallande kvite "blink" på over og undersida av vengen. Dei har ei tydeleg mørk brun hette. Nebbet er nedbøygd i enden, nebb og føter er mørkgrå til svarte. Denne joarten hekkar lengst sør i Chile og Argentina, hekkar både inn i landet og ute på kysten med nærliggjande øyar. Hekketida er frå november til mars, kva ...

                                     

ⓘ Ushuaia

Ushuaia er ein by heilt sør i Argentina, på Storøya i Eldlandet, og er hovudstad i den argentinske provinsen Eldlandet. Byen hadde om lag 57 000 innbyggjarar i 2010, og er den viktigaste busetnaden på Eldlandet ved sida av Rio Grande. Ushuaia blir sett på som den sørlegaste byen i verda. Puerto Williams i Chile ligg faktisk lenger sør, men sidan denne berre har 2 000 innbyggjarar, kan det diskuterast om Puerto Williams er ein by eller ikkje.

                                     

1. Historie

Ushuaia er eit ord frå språket til yaghan-folket, som lenge hadde brukt staden som buplass. Den fyrste europearane som busette seg her saman med yaghan-folket var den britiske anglikanske misjonæren Waite Hockin Stirling i 1869. Året etter kom det fleire misjonærar som laga seg ein liten busetnad. Mange av dei innfødde vart no gift og døypte av misjonærane. I 1873 kom to argentinske lærarar for å undervisa i Ushuaia samtidig med at presidenten i landet vedtok å oppretta straffekoloni og fengsel i Ushuaia.

Ushuaia vart offisielt grunnlagt den 12. oktober 1884. På den tid hadde det dukka opp mange gullgravarar som håpa på utbyte frå Ushuaia-området, men det var ikkje gull her. Det nyoppretta fengslet fekk dei fyrste fangane sine i 1896, og eit militærfengsel opna i 1903. Dei to fengsla slo seg seinare saman til eitt fengselskompleks. I 1904 fekk Ushuaia offisielt status som provinshovudstad i Eldlandet. Diverre bukka yaghan-folket under for epidemiar av "kvite" sjukdommar som tyfus, meslingar og kikhoste, og dei var nesten heilt forsvunne i 1911. Likevel voks folketalet gradvis. Frå 113 menn og 36 kvinner i 1893 talde innbyggjarane 1554 menneske i 1914.

Fengslet var viktig for byen utover 1900-talet. Det var operativt til 1947, då det vart avvikla grunna mange anklagar om maktmisbruk og usunne tilhøve. Dagens innbyggjarar lever av sauehald, fiske og utvinning av olje og gass. Her ligg også elektronikkverksemder, m.a. Grundig-fabrikken, som er den største elektronikkfabrikken i Patagonia. Ushuaia har også internasjonal flyplass; verdas sørlegaste.

                                     

2. Ushuaia i dag

Fram mot i dag har turisme vorte stadig viktigare for byen som kallar seg verdas sørlegaste. Ushuaia hevdar også å ha verdas sørlegaste hotell, irske pub, barnehage, offentlege bibliotek, avisredaksjon, turistkontor og verdas sørlegaste universitet. Skianlegget Cerro Castor har vore verdas sørlegaste skianlegg sidan opninga i 1999. Det kan også brukast om sommaren på breen i nærleiken. Andre turistattraksjonar er jernbanen som ein kallar "toget på verdas ende" og Eldlandet nasjonalpark. Her er det mogleg få sjå sel, spekkhoggarar og pingvinar. Sidan 2007 har Ushuaia også arrangert ein årleg internasjonal kunstfestival.

                                     
  • bygningar, to laboratorium og ein kino. For å kome seg hit mår ein fly frå Ushuaia til Base Marambio og så nokre dagar med båt. Denne artikkelen bygger på
  • Argentina skjer gjennom byen, og Tolhuin er einaste stoppestad mellom Ushuaia 10 mil sørover og Rio Grande 13 mil nordover Ein kjend attraksjon
  • Zealand Reykjavík på Island Harstad i Noreg Thorshavn på Færøyane Punta Arenas i Chile Ushuaia i Argentina Unalaska tidlegare Dutch Harbor i Alaska i USA
  • busetnadene på øya er: Ushuaia ca. 57 000 Río Grande ca. 67 000 Tolhuin ca. 1400 Porvenir ca. 5500 Cerro Sombrero ca. 700 Ushuaia ligg heilt sør på
  • sine. Argentina har tre større busetnader i provinsen. Det er hovudstaden Ushuaia Rio Grande på Eldlandet og Tolhuin. Denne artikkelen bygger på Tierra
  • ozonhol, vart kjend som Noxon cliff I 1978 segla Noxon med RV Hero frå Ushuaia og fekk raskt stadfesta at ei klippe i nitrogenoksiden òg finst i atmosfæren
  • Williams som ein by, er han den sørlegaste byen i verda. Viss ikkje, er det Ushuaia ca. 57 000 innb. på den argentinske delen av Eldlandet som går av med
  • permanente busetnaden i Antarktis. Den næraste hamnbyen er den argentinske byen Ushuaia som ligg 1502 km unna. Basen har 11 bygningar og det vert drive forsking
  • 1 838 innbyggjarar per 1. januar 2017 Kvalsund - 288 innbyggjarar per 1. januar 2017 Ushuaia Ikast Torneå Trelleborg Petersburg Hammerfest er namnet på ein romstasjon
  • beveren frå Eldlandet. Både Chile og Argentina har tettstader på Eldlandet. Ushuaia Argentina har ca. 60 000 innbyggjarar og vert rekna som den sørlegaste
  • Den chilenske byen Punta Arenas vart oppretta i 1848, og argentinske Ushuaia kom i 1869. I 1881 underskreiv dei to landa ein grenseavtale der dei delte