ⓘ Märket

                                     

ⓘ Märket

Märket med Märkets fyr er eit skjer i Södra kvarken som sidan freden i Fredrikshamn i 1809 definerer grensa mellom Sverige og Finland. Fyret vart avfolka mot slutten av 1976.

Finlands fyrsällskap har leigd fyret 2007-09 og har byrja å restaurere fyret. Vitjande kan få omvising i fyret.

                                     

1. Geografi

Märket ligg nord for Ålands hav og vest for Åland. Skjeret, som er kring tre hektar stort, er delt mellom Finland og Sverige i to omtrent like store halvdelar. Märket er i følgje ei rekkje kjelder den minste delte øya i verda.

Det finske territoriet på Märket høyrer til Hammarlands kommun. Den svenske delen ligg på grensa mellom Norrtälje kommun og Östhammars kommun, i høvesvis Stockholm og Uppsala län.

I Södra Kvarken går innløpet til Bottenhavet mellom Märkets fyr og fyret Understen 6.5 nautiske mil vest-sør-vest derfrå. Avstanden mellom Märket og det ålandske Signilskär i sør-aust er 7.5 nautiske mil.

                                     
  • punktet på det finske fastlandet. Det vestlegaste punktet i Finland er øya Märket Sjølve trepunktsmonumentet er laga i betong og er forma som ei flat kjegle