ⓘ Kebnekaise

                                     

ⓘ Kebnekaise

Kebnekaise, nordsamisk Giebmegáisi eller Giebnegáisi, er det høgaste fjellet i Sverige og ein del av Dei skandinaviske fjella.

Ei fjellrekke i Kiruna kommune har dei to høgaste fjelltoppane i Sverige, Nord- og Sørtoppen. Sørtoppen er dekt av ein isbre, slik at høgda vert endra etter kor mykje breen smeltar. Dei siste tiåra har breen vorte mindre. Sommaren 2004 var han 2103 moh. Det høgste punktet i Sverige på fast fjell er nordtoppen åt Kebnekaise på 2097 moh.

                                     

1. Namngjeving

Det svenske namnet Kebnekaise er avleia av Giebmegájsse lulesamisk eller Giebmegáisi nordsamisk, som tyder "grytefjellet". Dette er eit underleg namn, ettersom fjellet slett ikkje liknar ei gryte. Det gjer derimot fjellet Duolbagorni Tolpagorni i nærleiken. Namngjevinga kan ganske enkelt ha skuldast ein feil då ein laga det første generalstabskartet over området i 1889. Samar som bur i området hevder at det rette namnet eigentleg er Basievaare, "det heilage fjellet".

                                     

2. Klatring

Den fyrste som klatra opp på Kebnekaise var den franske geografen Charles Rabot 1856-1944. Han klatra opp i samband med ein ekspedisjon og nådde toppen den 22. august 1883.

Nær fjellet ligg Kebnekaise fjällstation, der det vert organisert toppturar med fjellførar. Sørtoppen kan klatrast av normalt fjellvande folk om dei nyttar den vestre ruta frå fjellstasjonen. Ein noko lengre veg går frå Kungsleden via Singivagge. Den austlege ruta vert nytta av fjellførarane og har enklare klatremoment. Nordtoppen krev spesialkunnskap og -utstyr for ei trygg oppstiging.

                                     
  • Flyulukka i Kebnekaise i Sverige skjedde 15. mars 2012, då eit transportfly av typen Lockheed Martin C - 130 Hercules frå det norske Luftforsvarets 335 skvadron
  • Kiruna kommun og Gällivare kommun, omtrent midt mellom Nikkaluokta och Kebnekaise fjellstasjon. Sommarstid går det båttrafikk på innsjøen, som forkortar
  • Vierranvárri, er eit fjell som er 1711 meter høgt, som ligg vest for Kebnekaise i Lappland i Sverige. Fjellsidene er relativt bratte og består i stor
  • innbyggarar og Arjeplog kommune minst. Det høgste fjellet i Sverige, Kebnekaise og landets djupaste innsjø, Hornavan på 232 m djupn, ligg i Norrbottens
  • Singitjåkka nordsamisk Siŋŋičohkka er eit fjell i Kebnekaise - massivet i Kiruna kommune. Dei to høgaste toppane er 1704 og 1678 meter over havet. På nordsida
  • kommunane med tre offisielle minoritetsspråk. Det høgaste fjellet i Sverige, Kebnekaise ligg i kommunen, 70 kilometer vest for Kiruna. Det finst over 6000 innsjøar
  • nasjonalpark, og dei andre fire ligg lenger nord i området rundt Kebnekaise 2 103 m Kebnekaise Lappland 2 089 m Sarektjåkkå Stortoppen Lappland 2 076 m
  • aust for Sälkatoppen. Frå Sälkastugorna går turstien Dürlings led til Kebnekaise Denne artikkelen bygger på Sälka frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni
                                     

Sälka

Sälka er eit fjellmassiv i Kebnekaiseområdet i Kiruna kommune. Den høgaste toppen ligg 1865 meter over havet. Aust for massivet ligg dalen Tjäktjavagge der Kungsleden går. Svenska Turistföreningen har eit anlegg med fjellhytter i Tjäktjavagge aust for Sälkatoppen. Frå Sälkastugorna går turstien Dürlings led til Kebnekaise.