ⓘ Hestebreiddene

                                     

ⓘ Hestebreiddene

Hestebreiddene er område kring 30 ºN og 30 ºS i Atlanterhavet og Stillehavet som vanlegvis berre har svak skiftande vind eller vindstille. Hestebreiddene ligg om lag under dei subtropiske høgtrykksområda.

Omgrepet vert mest nytta i det nordlege stillebeltet i Atlanterhavet. Namnet kjem frå seglskutetida då hestar ein hadde med seg på skipa frå Europa til Vestindia kunne døy fordi skipa vart liggande for lenge i det vindstille området, slik at ein gjekk tom for vatn. Ei anna forklaring til namnet kan vere eit sjømannrituale, der sjømennene lagde ei hestedokke, som dei bar rundt på dekk før dei kasta han overbord.

                                     
  • samband med den intertropiske konvergenssona the doldrums og det subtropiske høgtrykket hestebreiddene kalmer i Store norske leksikon, snl.no.
  • som ligg mellom 37 - 40 sør for ekvator, like sør for dei sørlege hestebreiddene Fordi dei ligg så langt nord for Den antarktiske konvergensen og har