ⓘ Rica de Oro

                                     

ⓘ Rica de Oro

Rica de Oro er ei fantomøy som ein lenge trudde låg i det nordvestlege Stillehavet, ikkje langt unna Rica de Plata, ei anna fantomøy. Namnet på øya har sitt opphav i den spanske oppdagingstokta på 1500-talet. Øya blei først rapportert av den spanske sjøfararen Francisco Gali, som høyrde rykta blant portugisarane i Macao i 1582. Fem år seinare fekk Pedro de Unamuno i oppdrag frå den spanske krona til å finne øya - utan å lukkast.

Fleire hundreår gjekk utan hell samstundes som øya blei avteikna på kart over Stillehavet. Sjølv om mange etter kvart tvilte på eksistensen av øya, var fleire ekspedisjonar på utkikk etter henne, mellom anna hollendaren Abel Janszoon Tasman.

Ein trudde lenge at øya låg ein stad mellom 29°N og 35°N, medan James Cook avteikna øya på 30°N, 155°A utan at han sjølv hadde sett henne. I 1801 meinte kaptein Crespo på skipet "El Rey Carlos" at han observerte øya og plasserte henne 34°N, 169°A.

Fantomøya Rica de Oro var sist avteikna så seint som i Times Survey Atlas i 1922.

                                     
  • Sebastián Universidad de Costa Rica som er det første universitetet i Costa Rica vart grunnlagd i San José i 1843 under namnet Universidad de Santo Tomás
  • i kort tid var Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840 - talet var Costa Rica ein uavhengig stat. Sidan
  • Tecnológica de Costa Rica Cartago. Estudios de Lingüística Chibcha, en journal om chibchansk lingvistikk gitt ut av Universidad de Costa Rica Nettstader
  • 2013 The Glamorous And Gruesome History Of The Masquerade Ball Egungun, Oro Abiku, and Various Superstitions Lommel, Andreas 1970 Masks: Their