ⓘ Canvey Island

                                     

ⓘ Canvey Island

Canvey Island er ei øy i Themsen-estuaret i Essex i England. Ho er 18.45 km² stor og har 37 479 innbyggjarar). Øya er eit eige verdsleg sokn. Mellom øya og fastlandet går eit nettverk av småelvar. Øya er gjenvunne land og ligg under havnivå. Ho er derfor utsett for flaum i periodar med særleg høg vasstand, men har likevel vore bsuett sidan romarane invaderte Storbritannia.

Øya var stort sett jordbruksland fram til 1900-talet, då ho vart den raskast veksande badestaden i Storbritannia mellom 1911-1951. Nordsjøflaumen i 1953 tok 58 menneskeliv på øya og førte til at 13 000 vart evakuerte. Canvey er i dag verna av eit 24 km langt dike.

Canvey er òg tilknytt petrokjemisk industri. Øya var første staden i verda som mottok LNG-gass, som vart lagra her.

                                     
  • Horse er ei lita øy utanfor kysten av England i Themsen - estuaret mellom Canvey Island og Stanford - le - Hope. Ho består hovudsakleg av marskland og er ei av
  • Two Tree Island er ei øy nordaust for Canvey Island og sørvest for Leigh - on - Sea i Essex i England. Ho er landsfast ved Leigh via ei bru. Øya vart drenert
  • grensene til estuaret, sjølv om den fysiske botn av sjøområdet, nær Canvey Island ved kysten av Essex kystlengd er truleg den vestlege grensa. Den austlege
  • Farne Islands Lindisfarne Isle of Portland Walney Island Burgh Island Isle of Sheppey Mersea Island Isle of Thanet Hayling Island Canvey Island Isle of
  • Bethnal Green i London i England Død 25. juli 2020 73 år Dødsstad Canvey Island Fødenamn Peter Allen Greenbaum Opphav Storbritannia Aktiv 1966 til i