ⓘ Point of Ayr

                                     

ⓘ Point of Ayr

Sjå òg Point of Ayre på Isle of Man og Point of Ayre på Orknøyane.

Point of Ayr er det nordlegaste punktet på fastlandet i Wales. Det ligg like nord for Talacre i Flintshire, ved munningen til River Dee. Det ligg sørvest for Liverpool Bay i Irskesjøen. Området er eit fuglereservat og ein del av sanddyneområdet Gronant og Talacre, som har status som Site of Special Scientific Interest.

I mange år vart det drive kolgruver her. Dei første gruvene opna i 1865 og vart lukka 23. august 1996.

Point of Ayr er staden der naturgassen frå Irskesjøen vert ført i land.

Det står eit fyr på Point of Ayr frå 1776, men det har ikkje vore i drift sidan 1844. Det står på stranda Talacre ved munningen til River Dee.

                                     
  • Koordinatar: 58 55 N 2 43 W Sjå òg Point of Ayre på Isle of Man og Point of Ayr i Wales. Point of Ayre er eit nes i Deerness på austsida av Orknøyane
  • John Rennie i 1821. Det er truleg det neste eldste fyret i Wales etter Point of Ayr fyr. Fyret er nasjonalt viktig som eit av verka til John Rennie som har