ⓘ Dunnet Head

John o Groats

John o Groats er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 300 innbyggjarar. Staden vert rekna som den nordlegaste landsbyen på den britiske hovudøya. Det nordlegaste punktet ligg utanfor landsbyen, ved Dunnet Head. Uttrykt "frå Lands End til John o Groats" viser til distansen mellom landsbyen og Lands End i Cornwall som er det sørlegaste punktet; ein klår parallell til det norske uttrykket "frå Lindesnes til Nordkapp". Skrivemåten på namnet har variert ein del, men John o Groats er no den offisielle forma. Namnet kjem frå Jan de Groot, ein nederlender som fekk løyve til å ...

                                     

ⓘ Dunnet Head

Dunnet Head er ei halvøy med det nordlegaste punktet på fastlandet i Skottland. Punktet ligg i Caithness på nordkysten. Neset vert òg kalla Easter Head og ligg om lag 18 km vest-nordvest for John o Groats og om lag 20 km frå Duncansby Head. Dunnet Head er òg den vestlege grensa for Pentland Firth på sørsida av fjorden.

Neset går frå Little Clett til munningen av Dunnet Burn i Dunnet Bay og nordover. Ein liten veg går langs denne lina og er den nordlegaste vegen på det britiske fastlandet.

Neset ligg aust for burgh Thurso og på ein klår dag kan ein sjå øyane Stroma i aust og Hoy og Orknøyane, 15 km mot nord, på andre sida av Pentland Firth.

                                     

1. Dunnet Head fyr

Det står eit fyr på bergknausen på Dunnet Head. Dunnet Head er 105 meter over havet og vart bygd i 1831 av Robert Stevenson, bestefar til Robert Louis Stevenson.

Nær fyret står mindre festningsverk frå den andre verdskrigen som skulle verna marinebasen i Scapa Flow.

                                     
  • britiske hovudøya. Det nordlegaste punktet ligg utanfor landsbyen, ved Dunnet Head Uttrykt frå Land s End til John o Groats viser til distansen mellom
  • strekkjer seg frå Dunnet Head i vest til Duncansby Head i aust, medan sundet på nordsida går frå Tor Ness på Hoy i vest til Old Head på South Ronaldsay
  • Orknøyane ligg mot nordaust og Pentland Firth og Dunnet Bay i aust. Mellom nesa Clairdon Head og Holborn Head er det fire - fem kilometer. Om lag 3 km vest - nordvest
  • norrøne namna i parentes lista er ikkje komplett Freswick Trasvik Dunnet Head Raudebjorg Murkle Myrkhol Halkirk Høgkyrkja Helmsdale Hjalmundal
  • Allmusic. Henta 11. oktober 2008. Ian MacDonald 2005 Revolution in the Head The Beatles Records and the Sixties Second Revised Edition utg. London:
  • Synchronicity 1983 Love Is - 1968 med Eric Burdon & The Animals Matching Head and Feet - 1975 med Kevin Coyne Sarabande - 1976 med Jon Lord Flashback
  • det søraustlege kystområdet. Ein leirstad ved Kaikai s Beach, nær Otago Heads har vorte tidfesta til om lag denne tida. Der er talrike gamle fangststadar
  • Moorer - Down to Believing Proper 2017: Josh Turner - Deep South Hump Head MCA 1984: David Olney and the X - Rays - Customized Boulevard 1985: Black