ⓘ Corrachadh Mòr

Ardnamurchan Point

Ardnamurchan Point er eit isolert nes med eit fyr i Highland i Skottland. Ardnamurchan Point ligg vest på Ardnamurchanhalvøya i Lochaber, 1.1 km nord for Corrachadh Mòr, det vestlegaste punktet på øya Storbritannia, som er om lag 200 meter vest for neset. Den næraste busetnaden er den vesle landsbyen Achosnich. Neset ligg om lag 11 km sør for øya Muck, med Eigg og Rùm nokre kilometer lenger nord. Coll ligg 14 km mot vest og Mull 8 km sørover.

                                     

ⓘ Corrachadh Mòr

Corrachadh Mòr er ei lita høgd på Ardnamurchanhalvøya i Lochaber i Highland i Skottland, og er det vestlegaste punktet på øya Storbritannia. Det ligg om lag 36 km lenger vest for Lands End i Cornwall.

Alt etter kvar koordinatar ein nyttar er dette neset 30.78 m eller 42.81 m lenger vest enn Ardnamurchan Point som ligg ein kilometer lenger nord. Sistnemnte vert ofte feilaktig skildra som det vestlegaste punktet.

Corrachadh Mòr tyder stor, avsmalande slette på skotsk-gælisk.

                                     
  • vestlegaste punktet på det britiske fastlandet, men dette er i røynda Corrachadh Mòr 1 km lenger sør, som ligg nokre meter lenger vest. Heile det nordvestlege