ⓘ Lizard Point i Cornwall

The Lizard

The Lizard er ei halvøy sør i Cornwall i Storbritannia. Det sørlegaste punktet på det britiske fastlandet ligg nær Lizard Point. Landsbyen Lizard er den sørlegaste landsbyen på det britiske fastlandet og ligg i Landewednack, det sørlegaste soknet. Halvøya er om lag 23 x 23 km stor. Ho ligg sørvest for Falmouth, 16 km aust for Penzance. Kysten kring The Lizard er farleg for skipsfarten og sjøvegen kring halvøya har tidlegare vorte kalla "skipsgravplassen". Lizard fyrstasjon vart bygd på Lizard Point i 1752 og RNLI opererer The Lizard livbåtstasjon.

Bass Point i England

Bass Point er eit nes på kysten av Cornwall i England. Det er det sørlegaste punktet på austsida av halvøya the Lizard. Tidlegare låg det ein kystvaktstasjon på Bass Point.

Mounts Bay

Mount’s Bay er ei stor bukt i Den engelske kanalen på kysten av Cornwall i Storbritannia. Ho strekkjer seg frå Lizard Point til austsida av halvøya Lands End. Dei verna områda har vorte nytta som ei naturleg hamn sidan antikken. Mot midten av bukta ligg St Michaels Mount, som kan ha gjeve namn til bukta.

Kamphandlinga 2. mai 1707

Kamphandlinga 2. mai 1707, òg kjend som Beachy Head, var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen der ein fransk skvadron under Claude de Forbin hindra ein stor britisk konvoi eskortert av tre linjeskip under kommandør Baron Wylde. Kamphandlinga starta då tre franske skip, "Grifon", "Blackoal" og "Dauphine", forankra seg til HMS "Hampton Court", tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. "Mars" med 60 kanonar, styrt av Claude Forbin, gjekk så til åtak på HMS "Grafton" og då dei franske skipa "Blackoal" og "Fidèle" kom til, tok dei livet av kapteinen Edward Acton, og ...

                                     

ⓘ Lizard Point i Cornwall

Lizard Point i Cornwall i England er det sørlegaste punktet på Lizardhalvøya. Det er òg det sørlegaste punktet på øya Storbritannia ved 49°57 N, og med unntak av delar av Isles of Scilly det sørlegaste punktet i England. Den vesle landsbyen The Lizard og Landewednack ligg om lag 1 km nord for neset, men den næraste større busetnaden er Helston, 18 km mot nord.

Lizard Point er for mange skip siste staden dei forlet før dei går til havs og farane der. Den britiske nasjonale redningsbåttenesta RNLI har ein stasjon ved Kilcobben Cove, 3 km nordaust for neset. Stasjonen har ein kabelbane frå naustet til stasjonsbygningen på toppen av klippa. Lizard fyr står på Lizard Point. Like nedanfor fyret står det som brukte å vere Lizard ungdomsherberge.

Den spanske armadaen vart først gong sett utanfor Storbritannia ved Lizard Point den 29. juli 1588. Dette var ein av dei største invasjonsflåtane i historia og bestod av 120 væpna skip med over 1000 kanonar og 20 000 mann om bord.

15. januar 2004 forliste den franske fisketrålaren "Bugaled Breizh" utanfor Lizard Point og fem mann miste livet.

                                     
  • Slaget ved the Lizard fransk Combat du Cap Lézard fann stad den 21. oktober 1707 under den spanske arvefølgjekrigen nær Lizard Point i Cornwall med to franske
  • The Lizard er ei halvøy sør i Cornwall i Storbritannia. Det sørlegaste punktet på det britiske fastlandet ligg nær Lizard Point Landsbyen Lizard er den
  • Bass Point er eit nes på kysten av Cornwall i England. Det er det sørlegaste punktet på austsida av halvøya the Lizard Tidlegare låg det ein kystvaktstasjon
  • først skildra i 1840 etter ein førekomst i Lizard Point i Landewednack i Cornwall i England. I Noreg er det mellom anna kjent frå Veo i Jotunheimen og
  • Kreac h er etter ryktet det kraftigaste i verda. Linja som går mellom Ouessant og Lizard Point i Cornwall i England er vanlegvis start - og mållinje for