ⓘ Kapp Horn

Kapp Horn-straumen

Kapp Horn-straumen er ein kald havstraum som renn austover rundt Kapp Horn. Straumen er skapt av ei intensivering av Vestavindsstraumen i det han rundar neset.

Hermite-øyane

Hermite-øyane er ei chilensk øygruppe som ligg heilt sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Øyane er også ein del av Cabo de Hornos nasjonalpark. Øygruppa er oppkalla etter den franske admiralen Jacques lHermite 1528-1624. Ho består av øyane Hermite, Herschel, Deceit og Hornos-øya der Kapp Horn utgjer sørspissen.

Sjofár

Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual - særleg i samband med rosj hasjaná og jom kippúr.

Wollaston-øyane

Sjå også: Wollaston-øyane i Canada. Wollaston-øyane spansk: Islas Wollaston er ei chilensk øygruppe som ligg sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Rett sør for øygruppa ligg Hermite-øyane der Kapp Horn ligg. Øygruppa er oppkalla etter den engelske vitskapsmannen William Hyde Wollaston 1766-1828. Yaghan-namnet på øyane var Yachkusin - "øyplassen". Øygruppa består av øyane Wollaston Grey, Bayly og Freycinet. Ho ligg innanfor grensene til Cabo de Hornos nasjonalpark.

Køyretøydekorasjon

Køyretøydekorasjon viser til ulike måtar å pynta køyretøy på etter at dei er laga, anten permanent eller for korte høve. Ein kan til dømes dekorera køyretøy for å markera eigarskap eller for å skilja seg ut, som reklame eller for ei markering. Nokre vanlege høve ein dekorerer køyretøy til er høgtider og opptog, bryllaup,nasjonaldagar og idrettstevlingar. Dekorasjonar kan vera alt frå småting, som påklistra eller opphengd merke og pynt, til ombygging eller måling av køyretøyet. Vanlege dekorasjonar er blomar og kransar, band, flagg, bilde, skrift, klistremerke, balllongar og lys.

                                     

ⓘ Kapp Horn

Kapp Horn er det sørlegaste neset på Tierra del Fuego-øyane, også kjend som Eldlandet, sør i Chile.

Neset er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida vart området kjend som ei våt grav for mange sjømenn.

Då Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset.

                                     

1. Geografi

Kapp Horn er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og ligg på Isla Hornos i Hermiteøyane, sør i øygruppa Tierra del Fuego. Neset markerer nordenden av Drakesundet, sundet som går mellom Sør-Amerika og Antarktis. Delelinja mellom Atlanterhavet og Stillehavet går langs meridianen som går gjennom Kapp Horn frå Tierra del Fuego til Sørishavet. Neset er ein del av Cabo de Hornos nasjonalpark.

Kapp Horn fekk opphavleg det nederlandske namnet Kaap Hoorn til ære for den nederlandske byen Hoorn og er eit typisk døme på falske vener. Hoorn vart på engelsk og norsk "Horn", og på spansk Cabo de Hornos. Sjømenn har ofte berre kalla neset "Hornet".

Neset ligg i chilensk farvatn og den chilenske marinen har ein stasjon på Hoorn-øya, som består av ein bustad, reiskapsbygg, kapell og eit fyr. Like ved stasjonen står eit minnesmerke forma som ein albatross til ære for alle sjømennene som mista livet då dei prøvde "å runde hornet".

Både stasjonen, fyret og minnesmerket står ikkje på sjølve neset, som er forholdsvis utilgjengeleg både til sjøs og til lands, men om lag ein kilometer lenger nordaust.

Terrenget er trelaust, men ganske frodig på grunn av mykje nedbør.

                                     

1.1. Geografi Klima

Klimaet i området er generelt kjølig sidan det ligg så pass langt sør. Det er ingen vêrstasjonar i øygruppa, men studiar frå 1882-1883 tyder på at nedbørsnormalen er om lag 1357 mm i året og årsmiddeltemperaturen om lag 5.2 °C. Vinden er i snitt 8 m/s, men storm med vindkast på over 27-28 m/s er vanleg til alle årstider.

                                     

1.2. Geografi Politisk

Kapp Horn er ein del av kommunen Cabo de Hornos, med Puerto Williams som administrasjonsstad. Dette er igjen ein del av provinsen Antártica Chilena, som òg har Puerto Williams som administrasjonsstad. Området er ein del av Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

Puerto Toro, ein fiskarlandsby nokre kilometer sør for Puerto Williams, er busetnaden som ligg nærast neset og er den sørlegaste busetnaden i verda.

                                     

1.3. Geografi Segleruter

Det finst fleire ruter rundt sørenden av Sør-Amerika. Magellansundet, mellom fastlandet og Tierra del Fuego, er eit langt og smalt sund, og vart nytta lenge før Hornet vart oppdaga. Beaglekanalen mellom Tierra del Fuego og Isla Navarino, er ei vanskelegare rute, og det er forskjellige passasjar mellom Wollaston- og Hermiteøyane nord for Kapp Horn.

Alle desse passasjane er berykta for fallvinden williwaw, som brått kan råke eit fartøy utan forvarsel og sidan sunda er smale, er det stor risiko at båten kan drive mot klippene. Drakesundet er derimot 650 km breitt, og er den mest nytta ruta, trass i at bølgjene her kan verte særs høge.

                                     

1.4. Geografi Fare for skipstrafikken

Fleire faktorar gjer farvatnet rundt Kapp Horn til eit av dei farlegaste i verda, mellom anna vêrtilhøva som generelt eksisterer i Sørishavet, geografien sør for Hornet og at plasseringa ligg så pass langt sør, ved 56º sør. Til samanlikning ligg Kapp Agulhas, det sørlegaste punktet i Afrika på 35° sør og Stewart Island/Rakiura sør på New Zealand på 47° sør.

Dei framherskande vindane på breiddegradene sør for 40° sør kan blåse nesten uhindra rundt heile kloden frå vest til aust, og har gjeve opphav til namnet "roaring forties", og dei villare "furious fifties" og "screaming sixties". Desse vindane er i seg sjølv så farlege at skipa som reiser austover plar ligge nord for 40 ºS så sant det er råd, men rundt Kapp Horn må dei heilt sør til 56 ºS, godt inn i sonen med dei kraftigaste vindane. Desse vindane vert i tillegg kraftigare på grunn av trakteffekten mellom Andesfjella og Antarktishalvøya, som kanaliserer vinden gjennom det relativt smale Drakesundet.

Dei kraftige vindane i Sørishavet fører så med seg store havbølgjer, og desse kan verkeleg verte store fordi dei rullar uhindra gjennom Sørishavet utan å treffe land. Ved Hornet møter dei derimot det grunne området sør for neset, som gjer at bølgjene vert kortare og brattare, og mykje farlegare for skipstrafikken. Om den sterke austlege havstraumen gjennom Drakesundet møter kraftig austleg vind, kan dette byggje opp bølgjene ytterlegare. I tillegg til desse "normale" bølgjene er farvatnet vest for Kapp Horn særleg frykta for monsterbølgjer, som kan nå ei høgd opp til 30 meter.

Dei framherskande vindane og havstraumane skapte særleg problem skipa i seglskutetida då det var vanskeleg få framdrift i den kraftige vestavinden om skipet kom frå aust.

Is utgjer òg ein fare for skip som seglar langt sør for 40 ºS. Sjølv om isgrensa går sør for Kapp Horn er isfjell ein stor fare for skipstrafikken i området. Når det er sommar på den sørlege halvkula, i februar, held isfjella seg stort sett sør for 50 ºS, men i august når det er vinter kan dei drive nord for 40 ºS. Sjølv i februar ligg Kapp Horn godt innanfor grensa for kor langt nord isfjella kan drive.



                                     

2.1. Historie Oppdaginga

I 1525 vart fartøyet "San Lesmes", kommandert av Francisco de Hoces og eit medlem av Loaísa-ekspedisjonen, blåse sørover under eit uvêr i Atlanterhavet ved utløpet til Magellansundet og nådde 56 ºS, der dei meinte dei kunne sjå enden av landet.

I september 1578 segla Sir Francis Drake gjennom Magellansundet og inn i Stillehavet då han segla rundt jorda. Før han kom seg vidare nordover vart skipet råka av ein storm og dreiv sørover, godt forbi Tierra del Fuego. Det store opne farvatnet fekk Drake til å innsjå at Tierra del Fuego ikkje var eit nytt kontinent, som ein hadde trudd tidlegare, men ei øy med ope hav i sør. Denne oppdaginga hadde liten nytte i tida framover sidan skip framleis nytta den kjende passasjen gjennom Magellansundet.

Tidleg på 1600-talet fekk Det nederlandske ostindiske kompaniet monopol på all nederlandsk handel via Magellansundet og Kapp det gode håp, dei einaste kjende rutene på denne tida til Det fjerne austen. Isaac Le Maire, ein rik kjøpmann frå Amsterdam, og Willem Schouten, ein skipsfører frå Hoorn, samt andre ukjende handelsmenn frå Hoorn, finansierte leitinga etter alternative ruter og ei rute til det ukjende Terra Australis. Jacob Le Maire, son til Isaac, la ut på reisa og to skip forlet Holland i starten av juni 1615. Dette var skipa "Eendracht" med Schouten og Le Maire om bord, og "Hoorn" med bror til Schouten, Johan som kaptein. Hoorn vart råka av brann og med mannskapet frå dette skipet om bord segla "Eendracht" gjennom Le Maire-sundet då Schouten og Le Maire oppdaga Kapp Horn.

På denne tida trudde ein at Hornet måtte vere det sørlegaste punktet i Tierra del Fuego, men det kraftige vêret i Drakesundet gjorde at dei ikkje kunne utforske området vidare. Det var først i 1624 det vart oppdaga at Hornet var ei øy. Antarktis, som no berre låg 650 km lenger sør, vart først oppdaga i 1820, noko som seier sitt om dei vanskelege tilhøva i Drakesundet.



                                     

2.2. Historie Handelsrute

Frå 1700-talet til tidleg på 1900-talet var Kapp Horn ein del av klipperrutene som frakta det meste av varene rundtom i verda. Klipperskip som runda Hornet førte ull, korn og gull frå Australia til Europa.; og mange varer vart òg ført frå Europa til Det fjerne Austen denne vegen, samt mellom austkysten og vestkysten av USA.

Den einaste staden i nærleiken der ein kunne få forsyningar og medisinsk hjelp, samt reparere skipa, var på Falklandsøyane. Prisane på å reparere skip her var derimot stundom så høge at øydelagde skip vart forlatne i Port Stanley.

Tradisjonelt fekk ein sjømann som hadde runda Hornet lov å bere ein gullring i øyra, det venstre øyra som hadde vendt mot Hornet under ein vanleg passasje mot aust. Han kunne òg ete middag med ein fot på bordet. Ein sjømann som òg hadde runda Kapp det gode håp kunne ete med begge beina på bordet. Ein sjømann som hadde runda Kapp Horn kunne òg bere ei tatovering av eit fullrigga skip.

Ei særleg kjend runding av Kapp Horn vart gjort av HMAV "Bounty" i 1788 og seinare gjort kjend som mytteriet på Bounty. Mytteriet skjedde i Sør-Stillehavet på veg til Vestindia.

Etter kvart som jernbanane tok over og Panamakanalen vart bygd i Mellom-Amerika vart det stadig færre som reiste den lange vegen om Kapp Horn. Mange moderne tankskip er for store til å segle gjennom Panamakanalen, samt eit par passasjerskip og hangarskip. Likevel er det ingen regulære kommersielle ruter rundt Kapp Horn, og det er sjeldan å sjå moderne skip her.



                                     

3. Litteratur og kultur

Kapp Horn har vorte eit ikon for sjømannskultur i mange hundreår og er nemnt i mange sjantiar. og i mange bøker om segling. Ein av klassikarane om seglskutetida er Two Years Before the Mast, av Richard Henry Dana, Jr., der forfattaren skildrar ei reise frå Boston til California via Kapp Horn.

                                     
  • Kapp Horn - straumen er ein kald havstraum som renn austover rundt Kapp Horn Straumen er skapt av ei intensivering av Vestavindsstraumen i det han rundar
  • tysk. Kapp er dermed del av ei rekke namn: Nordkapp Kapp Verde Kapp Horn Kapp Agulhas Kapp Enniberg Kapp det gode håp Kapp Morris Jesup Kapp Finisterre
  • de Hoces, Hoceshavet er sundet mellom sørtuppen av Sør - Amerika ved Kapp Horn i Chile og Sør - Shetlandsøyane i Antarktis. Det knyter saman den sørvestlege
  • Hermite - øyane, heilt sør i øygruppa Eldlandet. Øya er mest kjend for sørspissen Kapp Horn Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes
  • Hermite - øyane og Wollaston - øyane. Ei av Hermite - øyane er Hornos - øya som har Kapp Horn som sin sørspiss. Parken vart oppretta i 1945. Denne artikkelen bygger
  • ºS. Straumen følgjer vassrørsla frå Vestavindsstraumen når denne runda Kapp Horn og fører antarktiske isfjell nordover, stundom heilt nord til 35 ºS. Slik
  • ein nederlandsk sjøfarar og oppdagingsreisande som mellom anna oppdaga Kapp Horn og Tongaøyane. Schouten reiste i 1601 med Oude Compagnie på sin fyrste
  • gylne hornet er ei verna hornforma bukta lengst aust i Russland. Mellom Peter den store - bukta og Japanhavet ligg Sjkotahalvøya i nordvest, Kapp Goldobina
  • ekspedisjon var den fyrste verdsomseglinga, frå Spania 20. september 1519, via Kapp Horn kryssa Stillehavet og tok ein pause på Filippinane. På Filippinane blanda
  • 1528 - 1624 Ho består av øyane Hermite, Herschel, Deceit og Hornos - øya der Kapp Horn utgjer sørspissen. Denne artikkelen bygger på Hermite Islands frå Wikipedia