ⓘ Sannikov Land

                                     

ⓘ Sannikov Land

Sannikov Land var ei fantomøy i Nordishavet. Myta om øya oppstod i Russland på 1800-talet.

Jakov Sannikov og Matvej Gedensjhtrom hevda å ha sett øya under kartleggingsekspedisjonen sin til Nysibirøyane i 1809-1810. Jakov Sannikov var den første som rapporterte å ha sett "ukjend land" nord for Kotelnyjøya i 1811 derfor "Sannikov Land".

I 1886 rapporterte den russiske oppdagaren baron Eduard Toll om at han hadde sett land i det fjerne under ein ekspedisjon til Nysibirøyane. I august 1901 sette han ut på ein ny ekspedisjon, den russiske polekspedisjonen, med det russiske polarskipet "Zarja" over Laptevhavet for å finne det segnomsuste Sannikov Land, men vart raskt blokkert av pakkis ved Nysibirøyane. I 1902 gjorde Eduard Toll og tre av mannskapet frå Zarja forsøk på nå Sannikov Land nord for De Long-øyane til fots medan Zarja låg fanga i isen. Dei fann ikkje øya og forsvann sporlaust i november 1902 då dei reiste sørover frå Bennettøya på lause isflak.

På første halvdelen av 1900-talet vart det klart at det ikkje fanst noko Sannikov Land.

På bakgrunn av det solide arbeidet Sannikov elles gjorde og fordi det ligg grunne sandbankar der øya visstnok vart observert, meiner somme historikarar og geografar at øya verkeleg eksisterte, men vart øydelagd av erosjon og vart ein undersjøisk sandbanke som fleire andre øyar i området. Denne prosessen er observert med fleire øyar i Nysibirøyane, som til dømes Semjonovskij som forsvann på 1950- eller 1960-talet. Andre igjen meiner at Sannikov Land kan ha vore ei luftspegling, som ein ofte kan sjå i arktiske strøk, av Bennettøya. Andre igjen reknar Sannikov Land som ei form for pseudohistorie.

                                     

1. Sannikov Land

Segna om Sannikov Land kan ha vore opphav til adventurespelet Syberia

Den russiske geologen og science fiction-forfattaren Vladimir Obrutsjev skreiv ei fiktiv soge om øya i romanen The Sannikov Land 1926.

I 1973 vart ein science fiction-film kalla The Sannikov Land gjeve ut i Sovjetunionen.

                                     
  • segnomsuste Sannikov land Zemlja Sannikova men vart raskt fanga i pakkisen ved Nysibirøyane. I 1902 gjorde dei forsøk på å nå Sannikov land medan Zarja
  • det myteomspunne Zemlja Sannikova eller Sannikov Land I 1886 meinte baron Eduard Von Toll at han òg hadde sett eit ukjend land nord for Kotelnyj og rekna
  • og gjetta på at dette var det såkalla Zemlja Sannikova Sannikov Land eit land som Jakov Sannikov og Matvej Gedenssjtrom hevda å ha sett under ekspedisjonen
  • segnomsuste Sannikov Land Zemlja Sannikova men vart raskt blokkert av flytande pakkis. I 1902 heldt ekspedisjonen fram med forsøket på å nå Sannikov Land medan
  • russiske polarskipet Zarya i Laptevhavet etter det legendariske Sannikov Land Zemlja Sannikova men vart snart blokkert av drivisen omkring Nysibirøyane
  • Sannikov rapporterte om eit nytt land nord for Kotelnyj i 1811. Dette var opphavet til myta om Zemlja Sannikova eller Sannikov Land I 1886 vitja baron Eduard
  • etter det segnomsuste Sannikov land Zemlja Sannikova men vart raskt blokkert av pakkis. I løpet av 1902 prøvde dei å nå Sannikov land medan Zaraja var