ⓘ Free online encyclopedia. Did you know?

Geysir på Island

Geysir er ei varm kjelde i Haukadalur på Island. Namnet kjem av norrønt gjósa. Utbrot i kjelda kan slynge vatn opp til 60 meter opp i lufta. Ordet blir òg bruka om alle varme kjelder med utbrot.

Kommunar på Island

Kommunar på Island er eit oversyn over kommunar med folktal og informasjon om folketalsutvikling sidan 1998. Høgste og lågaste tal i kvar kategori er markert med mørkare farge. Island er delt inn i 8 landsdelar eller regionar og 72 kommunar etter ...

Israelsk geografi

Israelsk geografi er særs variert med ørkenforhold i sør, og snødekte fjell i nord. Israel ligg heilt aust i Middelhavet i Vest-Asia. Det grensar i nord til Libanon, i nordaust til Syria, i aust til Jordan og Vestbreidda, og i sørvest til Egypt. ...

Al Gal

Gal er eit strandområde på vestkysten av Israel nær byen Bat Yam. Stranda har forholsvis konsistente brytande bølgjer, og særleg om sommaren er det populært å surfe på denne stranda. Gal vert rekna som ein av dei beste surfestadane i Midtausten.

Golanhøgdene

Golanhøgdene er eit landområde i Levanten, mellom Syria, Israel, Jordan og Libanon. Området ligg strategisk til på det nordaustlege platået av Jordandalen og med utsyn over store delar av det nordlege Israel. Landskapet stig frå sør mot nord, der ...

Israelsk Cassini Soldner

Israelsk Cassini Soldner er eit gammalt geografisk koordinatsystem for Israel. Namnet kjem frå Cassini Soldner-projeksjonen som vart nytta og at det var optimalisert for Israel. Dette koordinatsystemet vert stundom òg kalla "Gammalt israelsk grid ...

Israelsk transversal merkator

Israelsk transversal merkator er det nye geografiske koordinatsystemet for Israel. Namnet kjem frå transversal merkatorprojeksjon som vert nytta og at det er optimalisert for Israel. ITM erstatta det gamle koordinatsystemet ICS. Dette koordinatsy ...

Karnei Hittin

Karnei Hittin er ein utdøydd vulkan med to toppar som ligg oppom Hattinsletta i Nedre Galilea, Israel.

Den israelske kystsletta

Den israelske kystsletta er ei smal kystslette langs middelhavskysten i Israel. Sletta strekkjer seg 187 km nord til sør og er delt inn i fleire område som Zebulunsletta, Hof HaCarmel, Sharonsletta og Judeasletta. Heile vegen har sletta sandstren ...

Levanten

Levanten er eit noko unøyaktig definert område aust for Middelhavet, som historisk viser til området sør for Taurusfjella og nord for Den arabiske ørkenen, frå kysten i vest til øvre Mesopotamia i aust. Kaukasusfjella er ikkje med, heller ikkje K ...

Makhtesh Gadol

HaMakhtesh HaGadol er ein makhtesh, ein geologisk erosjonslandform i Negevørkenen i Israel. Han er 10 km lang og 5 km brei. Ein makhtesh har bratte veggar med hard stein kring ein djup, lukka dal. Dette er ein av fem makhteshim i Israel og ein av ...

Makhtesh Ramon

Makhtesh Ramon er ein erosjonssirkel i Negevørkenen i Israel. Han ligg på toppen av Negevfjellet, kring 85 km sør for byen Beer Sheva. Landforma ser ut som eit krater, men er i røynda den største makhteshen i verda. Krateret er 40 km langt, 2–10 ...

Dei palestinske territoria

Dei palestinske territoria eller Dei okkuperte palestinske territoria består av Vestbreidda og Gazastripa. Etter Osloavtalen i 1993 vart delar av territoria politisk underlagt Dei palestinske sjøvstyresmaktene. I 2007 braut den Hamasstyrte Gazast ...

Perea

Perea, ein del av kongedømet til Herodes den store okkuperte austsida av Jordanelva, frå kring ein tredjedel ned frå Genesaretsjøen til kring ein tredjedel ned austsida av Daudehavet. Det strekte seg ikkje veldig langt inn i landet. Tradisjonelt ...

Samaria

Samaria eller Shomron er namnet på eit fjellområde i det gamle Palestina, baser tpå grensene til det bibelske Det nordlege kongedømet Israel. Namnet "Samaria" kjem frå den antikke byen Samaria, hovudstaden i kongedømet Israel. I moderne tid vert ...

Separasjonssona i Israel

Separasjonssona er eit omgrep nytta om eit landområde i Vestbreidda som ligg aust for Den grøne linja og vest for sperringa til Israel, busett hovudsakleg av israelarar i busetjingar som Alfei Menashe, Beit Arye, Modiin Illit, Givat Zeev, Maale A ...

Amalfikysten

Amalfikysten eller Costiera Amalfitana på italiensk er ei kyststripe på sørsida av Sorrentinahalvøya i Italia, som strekkjer seg frå Positano i vest til Vietri sul Mare i aust. Av byar på Amalfikysten finn ein Vietri sul Mare, Cetara, Maiori, Min ...

Calderonebreen

Calderonebreen er ein isbre i Gran Sasso d’Italia i Abruzzo i Italia, like nedanfor Corno Grande, den høgaste toppen i Apenninane. Då Corral de la Veleta-breen 37° N i Sierra Nevada i Spania forsvann i 1913 vart "Il Calderone" den sørlegaste isbr ...

Campo Imperatore

Campo Imperatore er eit fjellplatå i provinsen LAquila i Abruzzo i Italia, som er ein del av Gran Sasso-massivet. Det er det største platået i Appenninane. I Italia vert platået kalla "Litle Tibet" og platået har eit tektonisk opphav som er ei el ...

Cortina dAmpezzo

Cortina dAmpezzo eller Anpezo er ein by og ein kommune i provinsen Belluno i Veneto i Nord-Italia. Byen ligg i Dolomittane, 1 224moh. og er ein populært vintersportsstad. Cortina er eit av Europas mest eksklusive høgfjellsturistmål, byen er kjend ...

Den italienske rivieraen

Den italienske rivieraen er den smale kyststripa som ligg mellom Liguriahavet og fjella Dei maritime Alpane og Appenninane. Ho strekkjer seg frå grensa til Frankrike og Den franske rivieraen nær Ventimiglia til Capo Corvo som markerer den austleg ...

Kras

Kras, òg kalla Klassisk Karst eller Krasplatået, er eit platå av kalkstein sørvest i Slovenia, som strekkjer seg inn i nordaustlege område av Italia. Det ligg mellom Vipavadalen, dei låge Vipavskaåsane, dei vestlegaste delane av Brkiniåsane, Trie ...

Messinasundet

Messinasundet er det smalaste området mellom austenden av Sicilia og sørenden av Calabria. På det smalaste er det 3.1 km breitt, og nær byen Messina er det 5.1 km breitt. Ein naturleg malstraum ligg midt i sundet, som har knytt sundet til segna o ...

Mezzogiorno

Mezzogiorno er eit område i Italia som består av Basilicata, Campania, Calabria, Apulia og Sicilia, som ligg i Sør-Italia, og Molise og Abruzzo, som ligg sentralt i Italia. Stundom vert òg Sardinia og den sørlege halvdelen av Lazio rekna med i Me ...

Regionar i Italia

Regionar i Italia er den øvste administrative inndelinga av landet. Italia fekk ein grad av regionalt sjølvstyre etter grunnlova frå 1948, som seier at grunnlova si rolle er å anerkjenne, verne og fremme lokalt sjølvstyre slik at tenestene på sta ...

Parish på Jamaica

Parish er ei administrativ eining på Jamaica, tilsvarande norske fylke. Øya er delt inn i fjorten parish. Desse høyrer igjen inn under tre historiske county.

Japanske regionar

Dei japanske regionane er ikkje rekna som offisielle administrative einingar, men har tradisjonelt vore brukte som ei regional inndeling av Japan i ulike samanhengar. Kart og geografibøker deler landet i åtte regionar, og vêrvarsel gjev ofte vêrm ...

Koreasundet

Koreasundet er eit sund som ligg mellom Sør-Korea og Japan og er bindeledd mellom Austkinahavet og Japanhavet i det nordvestre Stillehavet. Sundet er viktig for internasjonal sjøfart.

Kuroshiostraumen

Kuroshiostraumen er ein havstraum som renn nordover på vestsida av det nordlege Stillehavet. Han har likskap med Golfstraumen i Nord-Atlanteren. Som Golfstraumen er han ein kraftig vestleg grensestraum.

Jemenittisk geografi

Jemen ligg i Sørvest-Asia heilt sør på Den arabiske halvøya mellom Oman og Saudi-Arabia. Han ligg ved innløpet til Bab-el-Mandeb-sundet, mellom Raudehavet og Indiahavet og er ein av dei mest aktive og strategisk viktige skipsfartsårene i verda. J ...

Den arabiske ørkenen

Den arabiske ørkenen ligg i Vest-Asia. Han er ein enorm ørken som strekkjer seg frå Jemen til Persiabukta og Oman til Jordan og Irak. Han dekkjer det meste av Den arabiske halvøya, med eit areal på 2 330 000 km². Midt i ørkenen ligg Rub al-Khali, ...

Den arabiske kyst-tåkeørkenen

Den arabiske kyst-tåkeørken på sørkysten av Den arabiske halvøya er ein økoregion som innimellom har så tett tåke at sikta stundom vert redusert til berre 10 meter. Han er klassifisert som ein afrotropisk tåkeørken

Hadhramaut

Hadhramaut, Hadhramout, Hadramawt eller Ḥaḍramūt er ein region som i dag utgjer Hadhramaut guvernement i Jemen på Den arabiske halvøya. Folket frå Hadhramaut vert kalla hadhramar og talar hadhramarabisk.

Nedre Jemen

Nedre Jemen og Øvre Jemen er tradisjonelle regionar i dei nordvestlege høge fjellområda i Jemen. Dei nordlege og sørlege høglanda er omgrep som oftare vert nytta. Sumarafjella like sør for byen Yarim markerer grensa mellom dei to regionane. Desse ...

Qataban

Qataban eller Katabania var eit jemenittisk kongedøme i antikken. Hjartet låg i Baihandalen. Som andre sørarabiske kongedømet voks det seg velståande på handel med røykjelse og myrra, som vart nytta ved altera. Hovudstaden Qataban vart kalla Timn ...

Yafa

Yafa er eit område sør i Jemen. Det ligg nordaust for byen Aden og består av Øvre Yafa og Nedre Yafa. Namnet Yafa syner både til det geografiske området og stamma som bur her. I antikken vart det òg kalla Dosom eller Saro Hemiar.

Øvre Jemen

Øvre Jemen og Nedre Jemen er tradisjonelle regionar i dei nordvestlege fjellområda av Jemen. Ofte blir områda heller omtalt som dei nordlege og sørlege høglanda. Sumarafjella like sør for byen Yarim vert nytta som grensa mellom dei to regionane. ...

Jordansk geografi

Jordan ligg geografisk i Sørvest-Asia, sør for Syria, vest for Irak, nordvest for Saudi-Arabia og aust for Israel og Vestbreidda. Politisk vert området i den vestlege verda kalla Midtausten eller Det nære austen. Området som Jordan no dekkjer er ...

Gilead

Gilead eller Galaad var i Bibelen namnet på tre personar og to geografiske stader. Gilead var eit fjellområde aust for Jordanelva som var delt mellom stammene til Gad og Manasse, og låg i dagens Jordan. Det hadde òg det arameiske namnet Yegar-Sah ...

Harrana

Harrana, kalla opp etter Qasr Kharana, er eit arkeologisk omajadepalass i ørkenen aust i Jordan, kring 60 kilometer søraust for Amman. Området er stort sett folketomt, utanom beduingjetarar med sau og kamel som til frå desember til april gjetar d ...

Jabal Amman

I lag med resten av gamle Amman, vart Jabal Amman først busett i yngre steinalder. Men i motsetnad til åsane kring, særleg Jabal al-Qala, vart det aldri bygd festningsverk på Jabal Amman. Han var ein noko skogkledd øydemark fram til 1900-talet, d ...

King Talal-dammen

King Talal-dammen er ein stor demning i åsane nord i Jordan, over Zarqaelva. Bygginga av King Talal-dammen starta i 1971 og stod ferdig i 1978 med ei høgd på 92.5 meter. Den opphavlege dammen kosta 46 millionar dollar. I 1984 byrja arbeidet med å ...

Lisanhalvøya

Lisanhalvøya eller Al-Lisān i Jordan er ei stor landtunge som no skil det nordlege og sørlege bassenget i Daudehavet. Halvøya skil den nordlege delen av Daudehavet frå den grunnare sørlege delen. Før vasstanden i sjøen gjekk ned på 1900- og 2000- ...

Naturreservat i Jordan

Det finst seks naturreservat i Jordan. I 1966 vart organisasjonen som seinare skulle opprette naturreservat i Jordan, Royal Society for the Conservation of Nature, grunnlagd. RSCN var først involvert i å bevare alvorleg utryddingstruga artar. I 1 ...

Tell Mar Elias

Tell Mar Elias er ein ås i Ajlun-området nord i Jordan. Staden, som ligg nordvest for Ajlun, har lenge vore identifisert som Tishbe, som i Bibelen er nemnt som heimstaden til profeten Elia. Her ligg ruinane av ei av dei største, kjende bysantinsk ...

Wadi Mujib

Wadi Mujib, historisk kalla Arnon, er ei kløft i Jordan som endar ved Daudehavet, 410 meter under havnivå. Mujib-reservatet i Wadi Mujib ligg i fjellandskapet aust for Daudehavet, kring 90 km sør for Amman. Det dekkjer 220 km² og vart oppretta i ...

Wadi Rum

Wadi Rum òg kalla Månedalen er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan. Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder høg.

Galim-Tignère

Galim-Tignère er ein landsby i regionen Adamaoua i Kamerun. Han ligg om lags halvvegs mellom regionhovudstaden Ngaoundéré og grensa mot Nigeria, sørvest for landsbyen Tignère i divisjonen Faro-et-Déo. Det bur truleg om lag 3000 menneske i Galim, ...

Kasakhstania

Kasakhstania var eit lite kontinent som i dag ligg i indre område av Asia. Det bestod av områda nord og aust for Aralsjøen, sør for Sibir og vest for Altajfjella og Balkhasjsjøen. Politiske består det av det meste av Kasakhstan og har eit totalt ...

Det kasakhstanske høglandet

Det kasakhstanske høglandet, er ein stort peneplanformasjon som strekker seg gjennom sentrale og austlege delar av Kasakhstan. Det består av låge fjell og høgareliggande sletter, og inneheld store førekomstar av kol i nord og kopar i sør. Sjeldne ...